|

i Hyen 22. - 25. juli 2004
På Fullskjegga

I friluftsleiren på Fullskjegga var det varierte
salsutstillingar med gardsmat, sport og friluft, våpen, jaktradioar, GPS og
mykje meir.
Morosame konkurransar / aktivitetar som staurbering, mjølkespannkasting, individuell
hesteskokasting, luftgeværskyting, flugebinding, natursti, fiske i
Fullskjeggevatnet som ligg like ved leiren m.m.
Demonstrasjon av matlaging i friluft, bruk av ABU-røyken m.m.
Og sist, men ikkje minst; sal av god grillmat.

Om kvelden var det flakedans til langt ut i dei små timane
etter god
musikk av Hyen Spelemannslag. Den store briselden vart kveikt i skyminga. Han
brann lenge og skapte ei fin stemning trass yret og småregnet utover i
sommarnatta.
Framhald >
Friluftshelga i 2003 >
2002 >
2001 >
2000 >
|