|

i Hyen 22. - 25. juli 2004
I Sentrum
|

Full konsentrasjon og tunga midt i munnen for den unge
kunstnaren når kvite leirfigurar skal få farge og dekor.
|

Målarstova hadde ei imponerande stor og variert utstilling
av rosmåla og dekorasjonsmåla ting.
|
I Sentrum var det mykje aktivitet laurdag midt på dagen
med m.a. stor salsutstilling av lokalt
handverk og brukskunst. Akvarellar, bilete, måla glas og steinheller,
hardangersaum, hekla, strikka og vevne ting, messing-lysestakar,
rosemåling og trearbeid.
Elles kunne ein
få med seg vassaktivitetar på Kaia, taxiflyging med helikopter, matservering
med gryterett, kaker, svele og kaffi.
|
Open
kyrkje
I
kyrkja var det laga til ei vakker utstilling av ei rekkje arbeid som ei
barneforeining har laga. Gjennom tekst og bilete har dei sett fokus på
viktige sider ved kristentrua. Dei har laga vakre produkt som manar sinnet
til ettertanke. Utstillinga var verkeleg verd eit besøk.
På
biletet ser vi Sakkeus i treet. Denne gongen er morbærtreet skifta ut med
eit rognebærtre frå Hyen. |

|
Framhald >
Friluftshelga i 2003 >
2002 >
2001 >
2000 >
|