|

i Hyen 22. - 25. juli 2004

Heile 46 personar var med på den flotte turen rundt
Røyrvikfjellet i eit nydeleg ver torsdagen i Friluftshelga 2004.
Friluftshelga i Hyen gjekk i år for 12. gong, og samla mykje
folk til arrangementa sine også denne gongen. Vergudane greidde ikkje å
øydelegge trivselen for publikum og arrangørar sjølv om dei gjorde sitt beste
med å ause regn over oss i tildels store mengder. Best ver hadde vi på
torsdagen, og dei 46 deltakarane på den sju-åtte timar lange fjellturen rundt på
Røyrvikfjellet fekk ein fantastisk fin dag med mykje fin utsikt over Hyen og
omegn.

"Eggelaget" (t.v) måtte gje tapt for "Neset
Hotell" i finalen i år og, men dei gav vinnarane kamp oså denne
gongen.
Fredag kveld var det fotballkamp Hyen - STIL, og
3.divisjonslaget vann programmessig 7 - 2. Regnet kom under kampen, men bana
greidde seg godt til kampen var over, og eit 200-tals publikum kosa seg
likevel i den lumre sommarkvelden.
På voleyballturneringa etterpå hølja regnet
ned, og sandbana minna etterkvart vel så mykje om eit vannpolobasseng. Men
cupspelet gjekk fort og greitt unna, og dei beste laga tackla også desse
forholda bra. Vinnarlaget frå i fjor (P.A.United) og året før i fjor (Dei
Fantastiske Fire) gjekk til topps i år og til tross for at dei no
hadde skifta namn enno ein gong til "Neset Hotell". Men dei fekk
kamp til døra i finalen også denne gongen av "Eggelaget" som nok
ein gong vart nr. 2.
Framhald >
Friluftshelga i 2003 >
2002 >
2001 >
2000 >
|