|

i Hyen 25.-27. juli 2003
Ei friluftshelg med vergudane si velsigning
Søndagen:

Ein kyrkjelyd på mellom fire og fem hundre sokneborn kunne presten Olaf Sigurd
Gundersen "ta i sin famn" under friluftsmessa i eit velsigna godver på
Åstøylen søndag. Og etterpå var det tid for rømegraut, rømaske, grillmat,
kaffi og kaker.

Mange vart med på den lette fotturen frå Åstøylen til Dalestøylen og
Pettersenhytta etter friluftsmessa. Og veret heldt seg rimeleg godt til folk
hadde fått seg rømaske hjå Olina på Dalestøylen, vore på omvisning med
Dag Bakketun i Pettersenhytta og kome seg attende i bilane. Så pøsa det ned
att.

Tekst og foto: Magnar Heimset
Friluftshelga i fjor
>>> |