i Hyen 25.-27. juli 2003 
Ei friluftshelg med vergudane si velsigning

 
Ung grillkokk i djup konsentrasjon.

Det vart ei ei ny vellukka Friluftshelg sjølv om det såg mørkt ut med veret. Sjølv om Magni påstår at det ikkje betyr noko, har nok rimeleg godt ver ein viss innverknad på korleis folk trivst på desse arrangementa.

Det starta med at regnet hølja ned fredag ein times tid før fotballkampen. Så skein det opp, og søylene på idrettsplassen rakk så vidt å "renne ut i sanden" før kampen starta. Natt til søndag bytta det ned att, for så å klårne opp att i god tid før friluftsmessa. Flakedansen vart nok litt amputert i siste enden, med elles hadde vi fint ver under alle tilstellingane. 


Trass iherdig strategidiskusjon i pausen, hyarane laut sjå seg slegne fortent 2 - 7 av storebror STIL.


Med det imponerande namnet: "No-er-Magni-gift-så-no-er-det-toget-gått United" burde kanskje laget vunne sandvolleyballturneringa, men ringrevane som vann i fjor drog cupsigeren i land i år og.
    
"P.A.United" heiter vinnarlaget i år, men er stort sett dei same som i fjor. Dei slo "Eggelaget" i finalen.

Framhald >>>