|

i Hyen 2012 er avlyst
FRILUFTSHELGA
2012
På ekstraordinært årsmøte torsdag 27.
oktober vart
det bestemt at Friluftshelga tek eit års pause. Dette er for å lade batteria
og fordi stemninga i bygda har vore litt delt. Friluftshelga er eit stort
arrangement, og vi treng at bygda står samla om dette. Derfor trur vi at det er
viktig å ta eit års pause der vi kan hauste erfaringar frå dette og vere klar
til å arrangere på nytt i 2013. Dette er ikkje ei fast ordning så vi seier
ikkje at det etter dette vert arrangert anna kvert år.
Friluftshelga er viktig med tanke på at alle lag og organisasjonar i
Hyen står samla om denne, og vi er med på å vise fram bygda vår på ein god
måte. Ho er med på å skape liv og røre her,
og vi samarbeider på tvers av alder og kva ein brenne for. At det er med på å
skape eit godt samhald i Hyen er eg ikkje i tvil om. At det denne helga er mange
som kjem heim er veldig kjekt og utan tvil positivt. Det er òg mange frå
distriktet rundt som kjem til Hyen denne helga og det er veldig bra. Vi ber dykk
å ha tolmod med oss for vi kjem sterkt tilbake. Friluftshelga er ein god måte
å vise at bygda vår er ein bra plass å bu.
På vegne av styret i friluftshelga vil eg nytte høvet til å takke
alle som har teke eit tak for Friluftshelga 2011, det var eit vellukka
arrangement trass det djupt tragiske som skjedde den 22. juli. Til slutt vil eg
oppfordre dykk til å ta kontakt med styret
i Friluftshelga om de har synspunkt, idear eller andre ting som kan gjer
arrangementet vårt betre.
For styret i Friluftshelga
Margrethe Beate Mjellem
Friluftshelgavisa 2011 kan lastast ned som pdf-fil: Friluftshelgavisa 2011
Avisa har heile 16 sider med komplett program på side 2 og elles mykje godt
stoff i tekst og bilde.
For dei som vil sjå att Friluftshelgavisa for i fjor, 2010, kan laste ho
ned på pdf-fil her: Friluftshelgavisa 2010
Friluftshelga 2011 >
2009 >
2008 >
2007 >
2006 > 2005 >
2004 >
2003 > 2002 > 2001 >
2000 >
|