|
Bilete frå Friluftshelga 2001
Vil du sjå bileta i full storleik, kan du
"klikke" på dei.

Helga starta med ein spennande fotballkamp mellom Hyen og
Brodd. Resultatet vart 6 - 0 til Hyen

Publikum var engasjert til tusen.. Det var forresten
publikumsrekord.

Etter fotballkampen var det stor turnering og innviing av den
nye strandvolleyball-bana.

Flugefiskekursa gjekk etter planen. Vi har ikkje fått
fangstrapportane enno.

Laurdag starta vi dagen med omvisning i kvernhusapå Aa. Her er
spenning både for unge og gamle...
Aktivitetar på Kyrkjegranden


Hyen spelemannslag spela tradisjonsmusikk for mykje folk på Kyrkjegranden i
fint ver laurdag.
Hyen Kyrkje - utstilling av dåpskle og
dåpsutstyr



Klipp frå dåpsutstillinga i Hyekyrkja. Dåpskjolen som er vist her, er frå "Simafolket" i
Hope, og er truleg den eldste i Hyen. Mykje tyder på at han er over 150 år gamal.
Utstilling av utstoppa dyr og gevir


Frå Ottar Arne Aa si imponerande utstilling.

Hopsjenter flankerer villsvinet som Odd Arild Aasen
felte i Russland. Vekt: 250kg.
Støylsgudstenesta på Aa-støylen

Trass dårleg ver, samlast det over 300 menneske på
gudstenesta. Her vart det servert rømegraut og rømaske etterpå. Det vart
gjeve høve for alle som ville å setje seg inn i sela med maten.
Villmarksleiren på Dalheim vart flittig
besøkt, og alle som hadde stand og utstilling der, var svært godt nøgde. Desverre
manglar vi bilete frå leiren. Er det nokon som har slike, er vi
svært takksame for å få dei sende/maila til Magnar
Heimset .
|