FOTBALLKAMP 2002
Hyen - STIL Fredag 26.juli Kl. 19.00 på Hyen Stadion:


Lagoppstilling framfor Lokalderby Hyen - Sandane med dommar Ingemund Sægrov i midten.

Det er vel fyrste gongen "i moderne tid" at Hyen IL har møtt STIL sitt A-lag i fotball, og nivåforskjelen mellom 3.- og 6.-divisjon var godt synleg, om ikkje akkurat imponerande. STIL opna best, men Hyen kom sterkare utover i fyrste omgang og skapte eit par gode sjansar. Åsmund heada ei brukbar utfordring for gjestekeeper, og eit frispark frå Roger på 20 m strauk krysset på utsida.

Men dei største sjansane hadde nok gjestelaget etter møljespel framfor heimemålet i det 25. min. og eit godt skot på mål som Karl Erik fekk slått over i det 27. Det var i det heile stort STIL-press mellom 20. og 30. min. Hyen-keeperen fekk verkeleg prøvd seg då.

Likevel fekk Hyen det første målet. I det 30. min. scora Geir Kjetil Aa etter ei fin opprulling langs venstresida. Gjestelaget fekk seg nok ein tankevekkar, for Øyvind Sægrov kvitterte nokre minutt seinare. Laga hadde kvar sin kjempesjanse rundt 40. min. men omgangen enda 1 - 1.


Det var ofte folkesamt framfor Hyen-målet, men heimelaget avklara også denne STIL-corneren.

I andreomgangen tapte spelet seg i kvalitet, og det bølga fram og tilbake med sjansar til begge laga. Dei to største til gjestene i 54. og 55. min. I det 64. vart Øyvind Sægrov felt innanfor 16-meteren, og dommaren måtte peike på straffemerket. Hyaren og kaptein på Sandane sitt lag, Rune Ommedal sette straffa sikkert forbi "Kallen" i heimemålet.

Øyvind Sægrov scora sitt andre og tredje mål i 78.- og 84.-min. og det tok til å sjå mørkt ut for heimelaget. Men på tampen sette Geir Kjetil Aa inn sitt andre mål for Hyen, og kampen enda med det respektable resultatet 2 - 4. Hyarane får trøyste seg med at Sandane laut ha to hyarar på laget for å slå 6.-div.laget Hyen på heimebane. Den små og intime grusbana var nok elles litt uvant for 3.-div.laget STIL.

-mheim-