|
Hyen IL har meldt på eit "Jenter 16 år"-lag til
Norway Cup 28.07. - 03.08. 2002. Laget har mange spennande spelarar med
erfaring på krets- og sonelag, og elles fleire gode talent. I fjor spela dei
fleste på "Gutar 16 år"-laget som vann alle seriekampane i
vårsesongen. Dei vart til slutt nr. 2 etter å ha lånt ut to av gutane til
Sandane i haustsesongen. I år har dei vunne alle kampane minus ein i
serien. Laget har såleis potensiale til å nå langt i cupen. 
Bak frå venstre: Maria, Silje, Inger Marie, Ida Elin, Eli Johanne, Olaug
Katrin, Anette og Brita.
Framme frå venstre: Benedikte, Britt Kristin, Marlen, Mari og Randi
Marie. Foto: Rune Fossum

Det skortar ikkje på kompetanse. Brita og Maria (t.v.) har begge spela på STIL
og er fysioterapeut og sjukepleiar. Dei skal få slite dei laga som skal slå
desse jentene i Norvay Cup. Foto: Rune Fossum

Tøffe og dyktige jenter med stor innsatsvilje under kyndig leiing av
vikartrenarane Brita og Maria.
Foto: Rune Fossum, avisa Firda
Laget vann alle
dei innleiande kampane (puljespelet) og fekk forhåpningar om å nå langt
i sluttspelet.
Ein litt dårleg start på cupspelet førte til at laget vart utslege i
16-delsfinalen, men med den erfaringa dei no har skaffa seg, kjem dei nok
sterkare att neste år. -mheim- |