Teaterkveld ved Hyen skule


Alle elevane ved Hyen skule syng Kardemommesongen til slutt i framsyninga av Folk og røvere i Kardemomme by.

Torsdag 12. februar inviterte Hyen kombinerte barne- og ungdomsskule til teaterkveld i Gymsalen ved skulen. Torbjørn Egner sitt etter kvart klassiske stykke "Folk og røvere i Kardemomme by" stod på plakaten. Elevane hadde brukt delar av grunnskuleveka til å førbu seg. Då laga dei kulissar og kostymer, og rollene vart fordelte mellom dei elevane som hadde lyst til å vere med. Og det bar den vellukka framsyninga preg av. Kostymer og kulissar var forseggjorde og fine, og dei var lett gjenkjennelege for alle oss som har vakse opp med Egner sine lesebøker i skulen, og forteljingane hans som han sjølv framførte i Barnetimen for dei minste.

Det overraska oss nok litt at dagens skuleelevar la slik innleving og sjel i dette som vi trudde var eit litt banalt og gammaldags spel. Vi har inntrykk av at underhaldning for unge i dag stort sett er heseblesande, rastlause og temmeleg gruntpløgjande TV-program, musikkvideoar og dataspel. Difor fekk vi litt klump i halsen etter kvart som stykket skreid fram, og det gjekk opp for oss at dette tykte elevane verkeleg var moro. Vi fryda oss med fnisande småungar som sitrande følgde med når dei tre røvarane, stilt på tå og i ly av nattemørkret, røva den snorkande Tante Sofie for å ha nokon til å stelle i røvarhuset for seg. Og den ekte gleda over at den søte, men strenge hushjelpa valsa opp med dei ustelte og "tøffe" karane, og fekk dei til både å rydde opp i huset og å vaske seg. På biletet ser vi Simone som Jonatan, Else Karin som Kasper, Britt Kristin som jesper og Heidi som den myndige Tante Sofie.

 

 

Og vi fryda oss over den godmodige Poitimester Bastian (Ragni) som aldri forhasta seg og alltid måtte "skrive opp" før han tok affære når Bakar (Ragnhild) og Pølsemakar (Marlin) melde frå om innbrot og tjuveri i butikkane sine og kravde handling av den alt for snille poitimannen. Og over Trikkefører Syversen (Karl Erik) og Barberer Sørensen (Tore Chrisian) som sette sitt koselege preg på bybiletet. Og over den fjonge Fru Bastian (Bertine) som friska opp framsyninga med vakker fløytelåt, og ikkje minst over Tobias i tårnet (vidar) som mellom anna overbeviste med mandig song. Vi let oss imponere over kor frimodig og stø aktørane takla rollene sine. Dette var tydelegvis ikkje noko pliktløp, men noko dei treivst med å vere med på. Takk for ein koseleg kveld!

- mheim -