|
Fin 7.plass til Fjellhug/Vereide-Hyen
skilag
Det vart ein flott 7.plass til Fjellhug/Vereide-Hyen
i herrestafetten i NM i Meråker søndag 21. januar 2007. Odd-Bjørn
gjekk ein kanonbra 1.etappe og veksla først. Roger følgde opp med ein
solid skøyteetappe og kunne sende 16-åringen Trygve Henden Gaasø ut
på sisteetappen med vel eit halvminutts leiing.
Sidan Fjellhug/Vereide - Hyen skilag ikkje stilte lag i
fjor, fekk laget startnummer 70 og stod langt bak i feltet då
startskotet gjekk. Odd-Bjørn Hjelmeset opna forrykande og parkerte både
Anders Aukland og Frode Estil i den siste kneika før veklsing.
Veteranen sendte Roger Aa Djupvik ut på andreetappe med seks sekunds
leiing.
Roger følgde opp
Roger Aa djupvik gjekk ein solid 2.etappe og auka leiinga til vel
halvminuttet. Dei fleste var naturlegvis klar over at dette langt frå
var nok før sisteetappen.

Sekstenårige Trygve Henden Gaasø imponerte stort på NM-stafetten
i Meråker søndag. (Biletet er frå Hyen IL sitt
jubileumsrenn i Å-støylsmarka i fjor) |
Trygve imponerte
Men sekstenåringen Trygve Henden Gaasø imponerte verkeleg stort
som ankermann på Fjellhug/Vereide-Hyen sitt stafettlag. Han gjekk
ut med vel eit halvminutts leiing på eit kobbel av verdas beste
skiløparar, og dei brukte mest halve den 10 km lange skøyteetappen
på å ta han igjen. Friskusen frå Gloppen heiv seg like godt inn
bak trioen Kristian Horntvedt, Tore Ruud Hofstad og Petter Northug,
og han hekk på som ein klegg til vel midtvegs ut i andrerunden før
han måtte sleppe.
Ein kommande toppløpar
Mot slutten av etappen måtte han strekkje våpen for tre løparar
til, og kom inn til ein imponerande 7.plass. Denne karen får vi
sjå meir til i skiløypene i åra framover. Gloppen har fostra enno
eit skitalent som kan kome til å hevde seg i verdstoppen om få
år.
Midt i laget
Gaular vart nest beste lag frå Sogn og Fjordane med 43. plass,
medan Jølster enda på 53. plass av dei 82 startande laga.
|
|