Festkveld 17. mai 2003











Festkveld i Hyen 17. mai 2003

Skulekorpset og Ungdomslaget inviterte til koseleg bygdakveld i gymsalen med program, mat og dans. Programmet var godt og variert, og baud på song og musikk, opplesing, kåseri m.m. og avslutta med kaffi og kaker før strynebandet Popmix spela opp til dans i Samfunnshuset.


Spelemannslaget varta opp med "Fagert er landet", sin versjon av "Felefeber" og "Gimmestadvalsen". 


Judit las møte- og festreferat frå ulike bolkar i Hyen ungdomslag si soge. Borgny (til høgre) imponerte igjen med eit godt og gjennomarbeidd kåseri. Denne gongen var temaet 1814, men med ein ny og original vri. Ho hadde blada i historie- og bygdebøker og funne ut korleis hyarane hadde det og opplevde hendingane i dette historiske året som fekk så mykje å seie for utviklinga for land og folk.
Les kåseriet her, eller på utskriftsvenleg versjon i wordformat.


Hyen Skulekorps trakterte med "Juniormarsj" og "Fagert er landet". Den siste utan aspirantane.


Dan Sondre, Vidar og Tore Christian las dikt om "å ha draget . . ."


Mannskoret stilte som vanleg opp. No song dei "Hyesongen", "Til Østerland" og "Fager kveldsol".


Ungdomsskulejentene song "Sound of Silence" og "Some say Love" akkompagnert av Tor på gitar.

   
Ida Kristin og Ida Elin las dikt.


"Popmix" spela til dans med musikk som det verkeleg swinga av, og fekk store og små ut på golvet.

Frå festkvelden 17. mai i fjor.

-mheim-