|
Hyen Utviklingslag vart starta for di mange var skremde over ein del negative utviklingstrekk. Eitt av måla var å kome med på Bygdeutviklingsprogrammet, og gjennom det prøve å gripe fatt i dette. Vi har fått utbetalt 240 000.- kr. som ein del av dette programmet. I tillegg har vi fått ein del tilskot til dei prosjekta vi har jobba med. Det har og vore gjort mykje på dugnad. Desse har vore med i styret heile tida: Erik Hope, Ole-Matias Aa, Eldar Rønnekleiv, Aud-Kari Solheim og Margrete M. Tonheim. Varafolk siste året har vore Solfrid Utheim Rygg og Ole Arild Aa. Det har vore mykje møteaktivitet, og vi har hatt styremøte nesten kvar månad. Dei to første åra hadde vi mange bygdemøte. Vi såg det som viktig å få inn idear, og mobilisere hyarane til å ta eit tak. Det var og viktig å få bestemt kva saker ein skulle prioritere. Parkanlegget har til no kome på ca. 170 000.- kr. Vi har fått 71 000,- i kommunalt tilskot, resten er dugnad og pengar frå B-U programmet. Vi har sett av 25 000,- kr. til fullføring. Totalkostnaden vil då nærme seg 200 000,- kr. Ein av grunnane til at kommunen gav tilskot til park/rasteplass i sentrum, var at vi skulle markere teorien om at Columbus var frå Hyen. Vi har vore usikre på korleis dette best kunne gjerast, men vi har no teke ei avgjer. På bautasteinen som er komen opp, vil vi få på plass navn saman med ein mindre columbusfigur. Vi har og under arbeid noko av stein som skal plasserast ved sida av denne. Informasjonstavle er laga på dugnad. På baksida av den er og ledig plass. Ein modell av "Santa Maria", liknande den som heng i vestibylen på gym. bygget hadde passa bra her. Vi let utfordringa gå vidare--. Vi har søkt kommunen om eit tilskot på 10 000.- kr. , er villige å bruke 5000.- av B-U midlane, og gjere arbeidet på dugnad. Mange har sikkert meiningar om dette. Vi har valt å bruke resursar vi rår over, og "gjere noko med det", men vi har absolutt ikkje noko i mot at folk som er interessert engasjerer seg for å få opp noko som ruvar meir. Bensinstasjonen kosta totalt ca, 500 000,- kr. Gloppen Kommune ga 75 000,- i tilskot, og av B-U midlane har vi brukt 27 000,- kr. Der er og gjort dugnad for 40-50 000,- kr. I tillegg har Torleiv Straume stilt gratis grunn til disposisjon. Resten har sjølvsagt Autosenteret a/s på Sandane teke. Den har vore i drift eit år, og har vist seg å vere driftssikker og god. Sett med våre auge er det ein "fulltreffar" og den fortener 100% oppslutnad frå hyarane.. Eit av punkta i søknaden vår i B-U programmet var å marknadsføre Hyen og få laga ei brosjyre. Etter kvart viste det seg at det var stemning i bygda for å få på gong igjen "Friluftshelg i Hyen". Vi tykte det var viktig å få ut avis i samband med den og har til no brukt 25 000,- kr. til dette. Det har vore friluftshelg dei 3 siste åra, og vi meinar det har vore vellukka. Folk som er i bygda på ferie set veldig pris på arrangementet. Det er og viktig for oss som bur i Hyen at det skjer noko i bygda på sommartid. Samtidig er det verdifullt å ha noko som samlar bygda til felles innsats. Hyarane bør satse på at dette vert eit årleg arrangement, kanskje med noko varierande innhald.
Hyen Utviklingslag fekk 50 000,- kr. i B-U tilskot til kjøp av dataanlegg og utstyr. Dette var tenkt brukt til internettkafe eller liknande, og skulle fungere som ein samlingsplass for unge, men vere tilgjengeleg for alle. Dette er eit fellesprosjekt med Kjøllesdalen og Hjelledalen i Stryn. Vi valde å samarbeide med skulen, og bygge opp eit felles anlegg på lesesalen. Det blir brukt i undervisninga ved skulen, og er tilgjengeleg om kveldane. Der har vore ein god del kursaktivitet på kveldstid. Etter dei tilbakemeldingane vi får, fungerer dette godt. Her har og vore gjort mykje dugnad. Vi fekk og 10 000,- kr. i B-U tilskot for å lage heimeside om Hyen. Vi har prøvd å få med skulen og lag og organisasjonar i bygda, for å få ei breiast mogeleg dekning av bygda. Det ligg heile tida ei utfordring i å oppdatere, og få på plass nytt stoff.. Adressa er: http://www.hyen.com Den kosta totalt ca. 16 000.-kr. Vi brukte 8 500.- av B-U midlane, og fekk gjort ein del på dugnad. Den er plassert på Nesholmen. Den kostar totalt ca. 75 000.- kr., og blei finansiert slik: Privat gåve på 16 000.-, Hyen Hjelpekorps 10 000-, Gloppenprosjektet 45 000,- og Hyen Utviklingslag 4 000.- kr. Dette fungerer vel greit, men utviklingslaget har ikkje kapasitet til å marknadsføre og fylgje opp slik som vi helst burde. Kanskje var det ein ide at Nesholmen tok over eigaransvar for denne?? Skyttarlaget fekk 10 000.- kr. til planlegging av ny skytebane. Vi brukte og 10 000,- kr. til parkeringsplass langs vegen ved danseflaken i Gjengdalsmarka, og 5 000.- til planlegging av bygdekontor på Solheim. Vi brukte og litt til teleslynge i gym. bygget, og har kjøpt to hagebenkar som er tenkt plassert på kyrkjegarden. Elles har det gått med litt pengar til administrasjon, kurs, møte og reise. Torleiv har stilt eit areal ved Løken, (på nedsida av vegen som går bort i Vika) til disposisjon. Vi søkte Gloppen Kommune om eit tilskot på 30 000.- kr. til sandvollyballbane. Den er kalkulert til å koste ca. 50 000.- kr. Vi oppfatta det slik at det er små sjansar for å få ut eit så stort beløp i nær framtid. Vi har difor fått med idrettslaget og ungdomslaget på eit "spleiselag", og har søkt kommunen om 10 000.- kr. i tilskot. Dersom det går i orden, satsar vi på å få dette til. Budsjett for pengar som står att: Vi har sett av kr. 6 000,- til planlegging av leikeområde bak skulen i Hyen, og 5 000,- til uteområde ved Solheim skule. Vi har og sett av 5 000.- til "noko liknande" ved grendahuset i Eimhjellen. Elles har vi stilt 10 000,- kr. til disposisjon til idrettslaget for å få opp nokre lyspunkt ved Dalheim, slik at det kan drivast skiaktivitet om kveldane. Vi legg opp til at det skal stå att 30- 40 000.- kr. "på bok" etter at B-U programmet er avslutta, og håper det vil gjere det meir interessant for dei som skal drive laget vidare. Kva forventningar hyarane hadde til dette B-U programmet, veit ikkje vi så mykje om, heller ikkje om forventningane har vorte innfridd. Men vi har lyst å sei at vi har vorte veldig godt oppfylde av folka som jobbar på Fylkesmannen si Landbruksavdeling i Førde. Gloppen Kommune har og fylgt opp på ein veldig god måte. Så det har vore mest opp til Hyarane sjølve kva vi har kunna fått til. Til saman har det kome ein del pengar til bygda i denne tida, og vi vil påstå at dei har vore brukt på ein god måte. ERIK Rassikring. Det har vist seg at det er spesielt to fonner som går ofte, og skapar dei fleste problema i snørike vintrar. Håpet vårt er at Br. Aa skal få vere med på eit prøveprosjekt, og lage glasfiberoverbygg. Det må då vere naturleg at dei får prøvd ut dette i Hyestranda. Breibandnett. Det skjer ei stadig utvikling når det gjeld informasjonsteknologi. Det mest aktuelle no er utbygging av breibandnett. Mindre bygder og utkantar fell lett utanfor, eller blir dei siste som får slike tilbod. Frå naturen si side ligg det vel ikkje så godt til rette, men vi både håpar, og satsar på at Hyen skal få dette. Dekning for mobil. Vi har fått lovnad frå Tele-Nor om at det skal byggast ut slik at det vert dekning for GSM i søre dalen. Det var førespegla at dei skulle få dette til no i haust. Meininga var å få opp ein brukt sendar på Mjellem. Det har drege litt ut i tid før det dukka opp brukt utstyr, men dette er slikt som vi rekna med skal gå i orden. Columbus Turistsenter. Dette flotte anlegget er lite brukt. Eigarane har brukt midlar , og rusta opp og modernisert.. Det inneheld fleire fine leiligheter eller bueiningar. Der er og store muligheter i sokkeletasjen for næringsverksemd. I tillegg er der forsamlingslokale eller kaffeteria 2.høgda. Utviklingslaget har vore utfordra til å komme med innspel om korleis dette kan brukast, slik at det kjem bygda til gode og går i hop økonomisk. Mulighetane skulle vere fleire, og vi føler det som eit nederlag at vi ikkje har funne ei løysing. Det heile avheng av at ein har personar med rette forutsetning, og vilje til å satse. Tenk om der kunne ha budd unge familiar eller ungdom i etableringsfasen i dei fleste av leilighetene !! Vi let utfordringa gå vidare. Arbeidsplassar. Ein kjem aldri klar at det er tilgangen på spennande jobbar som er mest avgjerande for folk som skal velje kvar dei skal busetje seg. I Hyen er vi heldige som har ei bedrift som Br. Aa som stadig søkjer etter nye folk. Her er og god stemning blant produsentar innan primærnæringane. Vi har tru på at det vil ordne seg slik at det i framtida vil bu folk på dei fleste bruk. Men det er viktig for bygda at her bur fleire enn dei som er direkte knytt til eit gardsbruk. Største utfordringa for bygder som Hyen vil vere å skape nye og utfordrande jobbar. Vi gleder oss storleg over positiv utvikling på Sandane, med næringshage og mykje byggeaktivitet. Kanskje vil det og drype titt på Hyen. Vi er optimistar. Vi meinar at Hyen har mange pluss. Gode oppvekstforhold med godt utbygd skule og barnehage. Godt og triveleg miljø blant dei unge i bygda. Aktivt idrettslag, skyttarlag , lett tilgang til jakt, fiske og friluftsliv. No er her og ledige bustadtomter på Straumsholmen. Vi har og eige invisteringsselakap med 500.000,- kr. tenkt brukt til etablering av nye arbeidsplassar. Her er og godt utbygd eldreomsorg, med bukollektiv og eldrebustader. I det heile er her mykje positivt å bygge vidare på. -erik- |