|
V/Narve
Eimhjellen
Adresse 6829 Hyen
E-post naeim@frisurf.no

Verkstaden er starta for å styrkje
næringsgrunnlaget på garden, og for å bruke interessa vår for trearbeid til
å produsere ulike treprodukt. Vi lagar ting i furu og bjørk på bestilling,
gjerne etter mål, og i samsvar med dei ynskje kundane har. Det er altså
kundane som i stor grad avgjer kva vi skal lage. 
Nokre
eksempel på kva vi kan ta i mot tinging på: Hyttekjøken
og innreiing laga etter mål. Glas, dører, dørkarmar og
foringar etter mål. Små hytter (t.d. leikehytter) i laft
eller standarverk. Kopiering og reparasjon av gamle
møblar. Gåveartiklar med dekorasjonsmåling eller sviing
som kona Kari gjer. Alt vi lagar kan vi og vere med og
montere om kunden ynskjer det. Ta gjerne kontakt for meir informasjon.
  |