Arve bak rattet igjen etter dramatisk sjukdom i Brasil

No køyrer Arve Aasen (61) i Aasen Transport bil igjen. Det var ingen sjølvfølgje for godt over eit halvt år sidan. På ein Volvo-tur til Brasil sist påske, pådrog han seg smittsam hjernehinnebetennelse, og låg i koma i fem døgn på eit sjukehus i Rio.

F.T.: Magnar Heimset

– Du er sterk, og du er veldig, veldig heldig, var avskilshelsinga lastebileigar og eggprodusent, Arve Aasen frå Hyen, fekk av medisinprofessoren som hadde hatt ansvaret for behandlinga av han på sjukehuset i Rio. Då hadde han lege medvitslaus og kritisk sjuk av smittsam hjernehinnebetennelse i nesten ei veke.

  – Vi er utruleg letta og glade, og har ei god kjensle. Dette trur vi skal gå bra, men det har vore ei frykteleg tøff påkjenning, seier kona hans, Aud Johanne Aasen, over ein god kopp kaffi og ferske julekaker i den lune stova deira på Åsen i Hyen.

Volvo-tur til Brasil
Det var på tur til Brasil i påska saman med 237 andre Volvo-eigarar frå heile landet at Arve opplevde marerittet som nær kunne ha vorte slutten på hans 61-årige liv. Desse turane går i Volvo Noreg sin regi, og er ei blanding av kurs og konferansar med fagleg innhald, og meir fritidsprega ferieaktivitetar for deltakarane.

– Det var stort å kunne setje seg bak rattet i lastebilen att etter eit halvt års køyreforbod, seier lastebileigar og eggprodusent, Arve Aasen frå Ommedalen i Hyen. Han har to søner og fleire bilar som stort sett køyrer kraftfôr frå Felleskjøpet sin fabrikk i Florø.

  Denne gongen fekk reisefølgjet mellom anna oppleve starten på den femte etappen på  Volvo Ocean Race, som er verdas fremste kappseglas jorda rundt, frå Rio de Janeiro og Copacabana Beach. Der var dei mellom anna om bord i ein SES (luftputekatamaran) bygt ved Br. Aa i Hyen.

Kollapsa under middagen
– Det var under den siste middagen på turen, dagen før vi skulle reise heim, at eg fekk problem. Vi hadde vore ute og bada før på dagen, og eg følte meg i bra form. Eg hugsar lite frå problema starta, men dei andre merka at eg vart litt lite pratande i starten på middagen. Så tok eg visst til å snakke usamanhengande og prøvde å reise meg, men gjekk rett i veggen og fall. Det vart eit fæle oppstyr, kan du vite, og heldigvis hadde reiseoperatøren greie rutinar for handling i slike tilfelle. Det vart rekvirert drosje til eit privat sjukehus, eitt av dei beste i Rio, ein 20 minuttars biltur unna, og der vart eg fort og effektivt teken til undersøking og behandling, fortel Arve.

  Han prisar seg lukkeleg over at han var på hotellet og relativt nær sjukehuset då han vart sjuk, for dette stod om minuttar. I ettertid har han fått vite at han hadde pådrege seg ei svært aggressiv form for hjernehinnebetennelse, og at det var heilt avgjerande for utfallet at han kom under behandling med antibiotika svært fort. Han har og fått vite at berre ein av 25 pasientar overlever denne forma for hjernehinnebetennelse. Av dei som overlever, er det mange som får varige mein etter sjukdomen.

Fastlegen snakka portugisisk
Eit svært heldig moment var at den nye fastlegen hans heime i Gloppen, dr. Bjørn Roth, hadde arbeidd i eit heilt år nettopp ved det sjukehuset i Rio der Arve låg, og han snakkar flytande portugisisk. Dette var svært viktig for å unngå kommunikasjonsmessige misstydingar mellom dei involverte partane. Arve har og fått erfare kor viktig det er å ha alle reisedokumenta i orden og vere utstyrt med skikkeleg reiseforsikring på slike turar.

  – Ein bør alltid ha pass og forsikringsbevis på seg, for det er det første det vert spurt etter om ein vert ute for noko slikt i utlandet, understrekar han.

  Aud og Arve kan ikkje få fullrost Sven Rylandsholm ved Sogn & Fjordane Auto på Sandane for innsatsen hans. Han utsette heimreisa si til Arve kom til seg sjølv att etter mest ei heil veke i koma, og var til uvurderleg hjelp med praktiske ting og som bindeledd og tolk mellom dei pårørande og sjukehuset. Med Volvo Noreg i ryggen ordna han alt det praktiske saman med forsikringsselskapet.

Som om det var i går
– Eg hugsar hendingane som om det var i går alt det traumatiske skjedde. Vi hadde det utruleg vondt medan Arve låg i koma og prognosane var så vidt dårlege. Han bar tydeleg preg av å vere langt inne i døden, og om han vakna att, hadde vi den nagande uvissa om han ville vere varig skadd av sjukdomen. Eg rådde faktisk Aud frå å kome nedover medan Arve låg i koma, sjølv om både ho og familien gjerne ville det. Det var heilt uråd å få kontakt med pasienten likevel, og vi ville få vite det i god tid om han vakna att, fortel ein tydeleg prega Sven Rylandsholm.

  – Dei heldt han medvitslaus med vilje for å skåne kroppen hans mot skade. Ei av mine oppgåver var å vere til stades når han vakna opp att for at han skulle sjå noko kjent og få forklart situasjonen. Eg sette på han brillene, og då sa han hei og spurde kvar han var. Det var ein utruleg lette å høyre han snakke og oppdage at han kjende meg. Det var greitt å vere der og forklare situasjonen for han, og det var ei sterk oppleving å sjå han vakne og at han fungerte som han skulle. Det var dei nære ting heime i Ommedalen han først var oppteken av. Korleis det gjekk med Aud og det store hønsehuset heime på garden når han vart så lenge borte, smiler Rylandsholm.

  – Men eg hadde vore ved medvit ein augneblink før, og då lurte eg verkeleg på kvar eg var komen. Det var inga god oppleving, må eg innrømme. Eg såg eitt svart og to brune ansikt over senga før eg blekka ut igjen, skyt Arve inn med glimt i auga. Vi meir enn anar at det ligg mykje alvor bak det glimtet. Denne opplevinga har sett sine spor.

Sjåføren kunne norsk
Straks det var klart at Arve ville kome til seg sjølv att, kontakta Rylandsholm Aud, og ho kom nedover med fly.
  – Eg må seie eg følte meg litt usikker og bortkomen på flyet. Alle snakka portugisisk, og det var vanskeleg å kommunisere. Så stod altså Sven (Rylandsholm) på flyplassen i Rio og tok i mot meg. Og ikkje nok med det, han hadde skaffa ein drosjesjåfør som køyrer mykje norske oljearbeidarar og kan litt norsk. Eg fekk sjåføren sitt personlege telefonnummer, og ringde han kvar gong eg trong drosje. Det var til utruleg god hjelp for meg i den vanskelege situasjonen, understrekar Aud.

Ein time i MR
– Arve vart transportert til eit anna sjukehus og vart skanna i ein MR-maskin (magnetisk resonans). Med ei heil rekkje spesialistar til stades, vart han undersøkt i ein heil time før det heldigvis vart konstatert at ingenting var gale med hovud eller hjarte, fortel Rylandsholm.

  – Men det var ein grusom time, ein skal helst ikkje ha klaustrofobi i ein slik maskin. Og så var det uuthaldeleg varmt i maskinen. Det var rett og slett ikkje til å halde ut, seier Arve med overtyding.

  På sjukehuset i Rio tok dei ei mengd prøver, og han venta spent på e-post med resultatet av alle prøvane. Han føler seg i bra strøk no, men er naturlegvis litt slapp, og den fysiske forma er ikkje den beste.

  – Alt gjekk i grunnen veldig greitt. Det var eit godt sjukehus, reiseoperatøren gjorde ein god jobb, og forsikringsselskapet arbeidde skikkeleg profesjonelt og godt. Det er uhyre viktig å vere skikkeleg forsikra når ein reiser i utlandet. Brasil er eit farleg land for dei svake, ein får den hjelpa ein kan betale for, understrekar han.

Sette sprøyter sjølv
– Det kom vel med at eg lærte å setje sprøyter i det militære, for eg fekk med meg eit arsenal med medikament på vegen heim. Sprøytene skulle setjast med jamne mellomrom, og eg sette dei sjølv på flyet heim. Etter at eg var heimkomen, tok heimesjukepleiarane over den jobben, smiler Arve.

Eit halvt års køyreforbod
Men heime venta det Arve eit nytt sjokk. Fastlegen gav han nemleg forbod mot å køyre bil i eit halvt år.
  – Det var eg ikkje førebudd på. Å bu i Ommedalen i Hyen og ikkje kunne køyre bil, var heilt forferdeleg. Eg følte meg heilt isolert, van som eg er med å farte omkring som eg vil. Eg søkte Fylkeslegen om dispensasjon, men han innskjerpa  heller fastlegen si avgjerd. Denne sommaren er kanskje den verste eg har opplevd, og det var litt av ein lette då eg kunne setje meg bak rattet igjen. Eg fekk lov til å køyre frå den 4. oktober, på dagen seks månader etter at eg vart sjuk. Dagen etter tok eg meg ein tur, og det fungerte som det alltid har gjort. Eg starta fint med personbilen, men det gjekk ikkje mange dagane før eg sat bak rattet i lastebilen att, smiler Arve.

  Han er 100 % friskmeld no, men blir litt fortare trøytt enn før. Han klagar over dårleg fysisk form, noko han meinar skuldast for lite trimaktivitet. Han gjekk litt på hjortejakt i haust, men då fekk han dei lettaste jobbane, noko som ikkje gav den heilt store trimmen.
  – Eg er nok ikkje heilt på topp enno, men om eg får vere som eg er no, kan eg leve med det, seier lastebileigaren, som ser fram til å kunne køyre fylket rundt med kraftfôr til bøndene att for fullt.

Arve Aasen flankert av kona Aud og den uunnverlege støttespelaren under den alvorlege sjukdomsperioden i Rio,  Sven Rylandsholm. – Vi er veldig glade for at det gjekk som det gjorde, for alternativet var ikkje langt unna, seier dei.