Columbusparken
på Kyrkjegranden

Kveldsstemning ved bautaen og columbiegget i Colubusparken. Foto: Ole Matias Aa
Utviklingslaget har, ved hjelp av BU-midlar, tilskot frå
kommunen og stor dugnadsinnsats frå bygdefolket, fått til eit triveleg
parkanlegg nedanfor vegen mellom E.E.Rønnekleiv sin butikk og sjøen. Der har
dei reist ein bauta med ei minneplate over den verdskjende oppdagaren Kristoffer
Columbus som kom frå Hyen. Han levde frå 1456 til 1506 og skulle vere den som,
etter ei kjend soge frå 1565, fekk eit egg til å stå på enden (columbi egg).
Han var ikkje den første, men kanskje den mest kjende av dei
som "oppdaga" Amerika. Sume dreg på smilen når dei les soga om at
han ætta her frå, men dei kjem nok til å måtte tørke vekk den fliren ein
gong som dette etter kvart vert historisk bevist.
Tor Borch Sannes har skrive ei bok om emnet som heiter
CHRISTOPHER COLVMBVS
~ en europeer fra Norge? Norsk Maritimt Forlag A/S, Oslo 1991 ISBN
82-90319-12-6.
-mheim-
|