Bygdemøte i Hyen 5. sept. 2001:


Soloppgang over vid horisont kan kanskje vere symbol for bygdeutvikling? Foto: Tor-Gunnar Steien

Leiar i Hyen Utviklingslag Erik Hope hadde gleda av å kunne ønskje eit 50-tal interesserte sambygdingar velkomne til eit møte om utvikling i bygda med fokus på bygdeturisme, utnytting av ressursar og  kompensasjon for evt. avgrensingar og reduserte inntekter dersom staten vernar store landområde. Som kjent har kommunane som kan bli råka av slikt vern i Gjengedal/Naustdal-området sett fram krav om "plaster på såret" dersom vern vert røyndom.

Fylkesjordsjef Christian Rekkedal frå fylkesmannskontoret orienterte om bygdeutvikling i bygder råka av landskapsvern. I iveren etter å finne nye måtar å oppretthalde busetnaden i bygdene på, er det viktig at ein ikkje "gløymer" å ta vare på og styrkje eksisterande næring som t.d. landbruk og industri. Næringsutvikling må vere å ta vare på og hjelpe fram tankar og idear som kjem "nedanfrå" frå ressurspersonar i lokalmiljøet. Det nyttar ikkje å fabrikere ferdige konsept og så prøve å tre dei ned over hovuda på folk etterpå.
Han var innom nisjer som bygging av småkraftverk, hytte/jakt/fiskeutleige, produksjon av gardsmat, gards- og opplevingsturisme som t.d. støyling, kunsthandverk, m.m. Bygdeutviklingsprosjektet som Hyen Utviklingslag har vore med i, har som mål å skape trivelege fritids- og bumiljø, skaffe best mogeleg infrasruktur og legge til rette for natur, jakt, fiske, friluftsliv.

Prosjektleiar for bygdeturisme Roald Werner Vangsnes kallar seg sjøv for fylkesagronom for gardsturisme. Han opna like godt med ein solosong om emnet à capella.
Han understreka bygdeturisme som ei næring med stor politisk velsigning, og som høver godt som attåtnæring i landbruket. Men då må det gjerast til noko meir ut av det enn berre hytteutleige. Bygdeturisten er interessert i kvardagslivet på garden og i bygda. Det kvardagslege for nokon, kan vere ei oppleving for andre. Turistverten og bygdefolket sine haldningar til turisme er viktig.

Ordførar Anders Ryssdal var oppteken av kva hjelp ein kan få til næringsutvikling i randsona rundt eit evt. verneområde. Kommunane det gjeld har kravd eit næringsfond på 30 mill. til dette formålet. Skal ein få dette til, må ein ha konkrete prosjekt å vise til som grunnlag for søknad om midlar. Han etterlyste kreative initiativ til slike aktuelle prosjekt, og viste fram ei vassflaske med vatn frå Voss vassverk som vert selt i USA for 80 kroner flaska som eksempel på kva son er mogeleg å få til.

Representantar for krinsane kom med fleire idear til prosjekt ein kunne søkje om midlar til:
    - veg mellom Rønnekleiv og Røyrvik
    - småkraftverk fleire stader i Hyen
    - næringsbygg, hjorteslakteri, friluftsleirskule
    - rassikring av vegar, bygging av støylsvegar
    - breibandutbygging, utv.prosj. reiseliv m.m.

Fleire gründerar og bedriftsleiarar som Tor Øyvin Aa for Br. Aa, Rasmus ommedal for Hyen Fisk og Hyen Laks, Kurt Djupvik for Hyen Investering, Olav Klungre for Hyen Bygg,  Magne Osmundnes for Hyen Rekneskap A/S orienterte om deira respektive føretak sine aktivitetar og satsingsområde.

Dei tilreisande føredragshaldarane gav uttrykk for at dei hadde fått svært godt inntrykk av hyarane som flinke, taleføre, ansvars- og samfunnsbevisste folk som verkeleg får noko til , og som borgar for ei positiv utvikling for bygda også vidare framover.

-mheim-