
Hyen Investering AS
har ledige tomtar i nytt bustadfelt i Hyen
Endeleg kan det no skaffast byggjeklare tomtar i Hyen sentrum,
nærare bestemt på Straumsholmen. Fire tomtar er no klare for utbygging, og dei
er svært rimelege. Hyen Utviklingslag har lenge arbeidd med å få kommunen til
å regulere og skaffe grunn til formålet. Det har drege ut med å få
formalitetane på plass. Hyen Investering AS kjøpte arealet av kommunen for eit
par år sidan og
sette i gong med vegbygging, sprenging av den store steinen bak Lunden og
klargjering av feltet. Det er lagt straum, telefon, vatn og kloakk fram til
tomtegrensene.
Fleire unge familiar har sagt seg interesserte i å etablere seg
i feltet. To av interessentane har sett i gong bygging andre stader i bygda. Det er såleis enno høve for dei
som går med byggjeplanar å få seg tomt. Desse flotte utsiktstomtane bør vere
attraktive. Dei ligg nydeleg til med fabelaktig utsikt, nær barnehage og skule,
idrettsplass og gymsal, gåavstand til bank og butikk, kyrkje og
samfunnshus.
Hyen Investering har sett ein pris på kvar tomt, utrekna etter dei utgifter
ein har hatt til kjøp av grunn og opparbeiding av feltet. Alt etter kva tomt det
gjeld, vert denne på kr.
100.000 – 135.000. I tillegg kjem tilknytningsavgift til Hyen vassverk, kostnad med
oppmåling av tomtane og tinglysingsgebyr.
Dei som tykkjer at dette høyrest spennande og interessant ut, eller ynskjer å få
meir informasjon, kan ta kontakt med Hyen Investering AS v/ Erik Hope, 6829 Hyen.
Tlf. 57 86 98 36.
 
Tomt nr.1, 2 og 3 ligg nord for nyevegen, mellom Lunden og vegen
opp på Staumsholmen.
Den kjempestore konglomeratsteinen låg i venstre biletkant omlag midt på tomt
nr. 3.

Nyvald leiar i Hyen
Investeing AS, Erik Hope, er godt nøgd med utsikta mot sør frå tomt nr. 4.
-mheim- |