Brekkefossen Kraftverk på nettet


Testkøyringa av maskinane i kraftverket er i gong, og representantar for eigarane, Ola Jan Birkeland , Erik og Reidar Hope føl spente med når avløpsvatnet tek til å fløyme ut frå stasjonen.

Ein glad og nøgd gjeng hopsarar kunne torsdag 19. mai 2005 bivåne prøveoppstart av dei to francisturbinane i Brekkefossen Kraftverk i Hyen omlag eitt år etter at byggearbeidet starta.

Bygginga av Brekkefossen Kraftverk i Hopselva i Hyen nærmar seg no fullføring etter omlag eitt års byggetid. Det er åtte grunneigarar på Hope som har gått saman i Hope Energi AS og står for utbygginga.

Anleggsarbeidet fullført
- Dette er ein stor dag for oss, seier styreleiar og dagleg leiar i Hope Energi AS, Erik Hope.
- Det er Mesta som har hatt entreprisen på driving av tunnel, ein del fjellskjering og betongarbeidet, medan Hyen Bygg har bygt stasjonen. AS Fadum Tekniske i Drammen har levert turbinar og generatorar, og HM Elektro Automatikk AS utanfor Stavanger har levert den elektroniske styringsautomatikken. Heile anlegget er kostnadsrekna til omlag 23 mill. kroner, men det ser ut til at sluttrekneskapen vil syne  lågare tal, fortel Hope til Hyen på Nett.
- Tunnelen er 360 m lang, pluss ei inntakssjakt på omlag 20 m. Kraftverket får vatn frå eit 45 kvadratkilometer stort område der Ålfotbreen skaffar 14 % av eit normaltilsig på 5,5 kbm i sekundet. Fallhøgda er 68 m, og dette skal gje ein årsproduksjon på  vel 18 GWh (millionar kilowattimar), nok til å forsyne omlag 700 familiar med kraft. Dei to turbinane skal kunne levere ein netto effekt på 4,2 MW.


Styreleiar og dagleg leiar i Hope Energi AS, Erik Hope, og representant for maskinleverandør AS Fadum Tekniske i Drammen, Erik Nilsen, ved den eine av dei to generatorane som kvar leverer ein effekt på 2,1 MW.

Seks år med planlegging
- Vi starta så smått med planlegging av kraftverket alt i 1999, og vi har ikkje forhasta oss, seier styreleiaren.
- Det er vi glade for i dag. Hadde vi kome i gang med bygginga eit halvt år tidlegare, ville vi vore diskvalifisert frå å vere med i den komande ordninga med grøne sertifikat, og det kunne fått store økonomiske konsekvensar. Det visste vi ikkje då vi starta, så du kan godt seie at lukka var betre enn forstanden, smiler den nøgde kraftverkseigaren.


Representantar for eigarane av kraftverket og entreprenør Hyen Bygg AS kosar seg med kake og kaffi for å feire at krafta frå Brekkefossen Kraftverk endeleg er på nettet.

Ringen er slutta
Ein kan på ein måte seie at ringen no er slutta for Brekkefossen Kraftverk. Denne fossen var nemleg eit aktuelt utbyggingsalternativ då kraftforsyning til Hyen skulle realiserast i tida etter krigen. Som kjent vart det valt ei anna løysing med bygging av høgspentline frå Løkkebø i Eikefjorden og kraftforsyning frå Firdakraft sitt anlegg i Øksneelvane.

Ikkje mikrokraftverk
Det er ikkje nett noko mikrokraftverk det er snakk om. Til samanlikning kan nemnast at SFE sitt Sagefossen Kraftverk, som utnyttar fallet mellom Storefjorden og Krokstadvatnet, berre gjev vel den doble kraftmengda i gjennomsnitt pr. år.


Frå inntaksdammen på toppen av Brekka til kraftstasjonen under Brekkefossen er det 68 m fall.

- mheim -