|
Bygging av Brekkefossen
kraftverk er i gong

Sjølve Brekkefossen som blikkfang vert nok borte i periodar.
Men
kor mange har nokongong sett han ?
Anleggsarbeidet har
starta
Bygginga av Brekkefossen Kraftverk i Hopselva i Hyen er no i full gong.
Åtte grunneigarar på Hope har gått saman i Hope Energi AS og står for
utbygginga.
- Det er Mesta som har fått entreprisen på driving av tunnel og ein del
fjellskjering. Heile anlegget er kostnadsrekna til omlag 23 mill. kroner,
fortel styreleiar og dagleg leiar i Hope Energi AS, Erik Hope til Hyen på Nett.
- Tunnelen vert 360 m lang, pluss inntakssjakt på omlag 20 m. Med eit
tverrsnitt på 12 kvm vert det store mengder tippmasse frå tunneldrifta.
Kraftverket får vatn frå eit 45 kvkm stort område der Ålfotbreen skaffar 14
% av eit normaltilsig på 5,5 kbm i sekundet. Fallhøgda er 68 m, og dette skal
gje ein årsproduksjon på vel 18 GWh, nok til å forsyne omlag 700
familiar med kraft. Dei to turbinane skal kunne levere ein netto effekt på 4,2
MW.
Ikkje mikrokraftverk
Det er med andre ord ikkje noko mikrokraftverk det er snakk om. Til
samanlikning kan nemnast at SFE sitt Sagefossen Kraftverk, som utnyttar fallet
mellom Storefjorden og Krokstadvatnet, berre gjev vel den
doble kraftmengda i gjennomsnitt pr. år.
Det er rekna med eitt års byggetid
før straumen kan setjast på nettet.

Inntaksdammen ovanfor Brekka vil lyfte vasspegelen eit
par-tre meter, så lonene her vert meir samanhengande.

Kraftstasjonen vert liggande i dagen like bak Kårstøylhogjen
nedanfor Brekka.

Tunnelinnslaget er like nedanfor den nedste hårnålsvingen i
Brekka (der bilen står oppe i høgre biletkant).
Tekst og foto: Magnar Heimset |