|
Stor dag for Hyen på
BREIMSTAFETTEN
2004
søndag 02. mai. Også i år var det god oppslutning frå hyarane både
av aktive og publikum.

Ein fin kontingent hyenløparar er klar for defilering ved Reed
skule på Breim. Alle foto:
Ola Holme
KRAFTPRØVA
Her stilte både Benedikte Aa og Jon Bjarne Hope, og
dei tok like godt 1.plassen i respektive dame- og herreklassen.

Benedikte Aa (17) i full fres opp bakken. Kasttalentet Trude
Raad frå Breim vart slegen med god margin.

I herreklassen tok Jon Bjarne Hope ettertrykkeleg revansje
over fjorårsvinnaren Lars
Kjetil Gloppestad frå Gloppen.
STAFETTANE

Damelaget frå Hyen (GFIL Hyen) gjekk like godt bort og vann
dameklassen føre dei to andre laga frå GFIL.
Frå v.: Marlin Aa, Anette Wie Ommedal,
Tone Rønnekleiv, Benedikte Aa, Britt Kristin Mjellem og Hilde Aa.

Herrestafetten vart jamn. Det var berre fire lag med, GFIL Hyen, GFIL Fjellhug/Vereide, GFIL Brodd og
Jølster IL. Hyen låg sist og eit godt stykke bak etter dei fyrste etappane. På
5.etappe sprang Roger Aa Djupvik laget opp på 2.plass. På 7.etappe gjorde Geir Hjelle eit kjempeløp,
og leia med ca. 15 sekund. På dei siste etappane vart det for tøft, og
sjølv om det var små avstandar, vart hyarane nr. 4 og sist. På biletet over får Geir
Hjelle pinnen av Olav Marius Aa.
Hyen sitt jentelag vart nr. 4 og gutelaget nr.
5
Resultatliste Breimstafetten 02.05.2004
Gutar:
1. FJ/ Vereide IL I 8.50
2. Jølster IL 8.51
3. Dale IL 9.08
4. Førde IL 9.12
5. Hyen IL 9.23
6. Syril IL 9.29
7. FJ/Vereide IL II 9.32
8. Breimsbygda IL I 9.44
9. Olden IL 10.06
10. Breimsbygda IL II 10.16
11. Årdalstangen IL 10.29 |
Kraftprøva
Menn: Jon Bjarne Hope
Kvinner: Benedikte Aa
Jenter:
1. Vik IL 9.00
2. FJ/Vereide IL 9.15
3. Jølster IL 9.20
4. Hyen IL 9.54
5. Førde IL 9.57
6. Breimsbygda IL 10.19 |
Opa klasse:
1. Hjelmesetane 6.38
Damer:
1. GFIL III 6.58
2. GFIL II 7.07
3. GFIL I 7.14
|
Herre Veteran:
1. Olden IL 7.40
2. GFIL 7.50
Herre Superveteran:
1. GFIL 8.11
Herre:
1. GFIL FJ/Vereide 25.11
2. GFIL BRODD 25.13
3. Jølster IL 25.28
4. GFIL Hyen 25.32 |
Breimstafetten
i fjor >>>
|