Eit
stort steg vidare mot full breibanddekning!
Høykom
løyver 8 mill kr til breiband for 37 bygdelag over heile fylket
For meir informasjon, kontakt ein av kontaktpersonane:
IT-forum i Sogn og Fjordane held fram fellessatsinga
for å skaffe breiband til bygdelag i fylket. Prosjektet Breibandløftet
Sogn og Fjordane har i dag fått 8.2 millionar kroner i tilskott frå Høykom-programmet
til utbygging av breiband til 37 bygdelag over heile fylket.
Totalbudsjettet for prosjektet er på 20.5 mill kroner.
Prosjektet er planlagt
som eit spleiselag mellom 17 av kommunane i fylket, fylkeskommunen, næringslivet
og Staten. ”No er midlane frå kommunane, fylket og Staten på plass
og vi har tillit til at næringslivet, gjennom kompensasjonsordninga for
bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift (DAA-fondet), vert med å
finn ei løysing for fullfinansiering av prosjektet”, seier Alfred
Vorland, leiar av breibandforum Sogn og Fjordane.
Prosjektet dekker
utbygging av fullverdig breiband til alle dei bygdelaga som ikkje har
slik dekning i fylket dag.
Prosjektet blir
koordinert av Breibandforum, eit nettverk under IT-forum. Sogn og
Fjordane fylkeskommune er prosjektansvarleg og det er Vestlandsforsking
som har prosjektleiinga.
Satsinga vil også bli
presentert og drøfta på den store it-konferansen i Loen i neste veke
der fornyingsministeren også deltek.
Kontaktpersonar
Vedlegg
Breibandløftet vil sikre utbygging av breibandkapasitet til
desse bygdelaga: