|
Våningshus på
Solheim brann ned

Det var det eine av dei to våningshusa i Inigarden som brann ned til grunnen laurdag
kveld.
100
år gamalt våningshus brann ned
Laurdag 28.august brann våningshuset på ein gard på Solheim i Hyen
ned til grunnen. Brannen starta omlag kl. 20.00 ved at ein vedkamin med
glasfront eksploderte og spreidde brennande kjeppar og glør utover
golvet. På det tidspunktet var berre ein 13 år gamal gut heime. Han rakk
å late att glas og dører og kome seg uskadd ut. Heldigvis hadde han
mobiltelefonen i lomma og fekk varsla brannvesenet med ein gong.

Også døra og veggen på garasjen/masstova tvers over vegen tok delvis
fyr i den intense heten.
Brannkorps
både frå Hyen og Eikefjord
Omlag ein halvtime etter var brannkorpsa på plass både frå Hyen og
Eikefjorden. Tankbilen frå Eikefjorden rommer store mengder vatn, og med
det greidde brannfolka å hindre at brannen spreidde seg til andre
bygningar på garden. Særleg var ein garasje/masstove rett over vegen for
bustadhuset utsett.

Sjefen for brannkorpset i Hyen, Peder Holme, rosa mannskapa både frå
Hyen og Eikefjorden som greidde å hindre at brannen spreidde seg til
andre bygningar i tunet. Våningshuset var uråd å berge.
Tilkomsten
til vatn
Brannmeisteren i Hyen, Peder Holme, fortel at tilkomsten til nok vatn
er vanskeleg på Solheim som på mange andre gardar i Hyen. Dei måtte
heilt i Storelva på Solheim, 300 - 400 m vekke for å få tak i vatn. Han
kunne og tenkt seg å vere utstyrt med eit reserveaggregat for arbeidslys
sjølv om dette ikkje var største problemet denne gongen. Korpset frå
Eikefjorden hadde nemleg med seg slikt utstyr.

Også ein traktor som stod på tunet vart øydelagd i brannen. Lyklane
hang i kjøkenet. . .
Ingenting
vart berga
Våningshuset, som tilhøyrde Oda og Jan Harald Pedersen, var frå
1901 og var renovert fleire gonger. Siste store opprustinga var i 1988 då
det m.a. vart etterisolert og fekk nytt tak, og det var no i svært god
stand. Det brann heilt ned til grunnen, og ingenting vart berga ut. Til
alt hell kom ingen personar til skade i den eksplosjonsarta brannen.
-
mheim - |