Birkebeinarrennet
2008
Det vart berre eitt merke til Hyen på
Birkebeinarrennet i år. Det var den einaste høna i korga, Brita Hope (28), som greidde
maksimaltida denne gongen av dei åtte HIL-løparane som fullførte det 54
km lange turrennet frå Rena til Lillehammer.

Brita Hope var den einaste dama frå Hyen IL som stilte til
start i Birken i år, men til gjengjeld vart ho den einaste av hyarane som
greidde merket. Her nærmar ho seg mål i fin stil etter fem mil over tre
fjell mellom Rena og Lillehammer.
Glimrande forhold
Det var nydeleg vêr og godt føre på Birkebeinarrennet i år i motsetnad til i fjor då rennet vart stoppa på
grunn av for sterk vind i høgda. Men for dei som kom litt ut i løpet, og
det galdt fleire av hyarane, vart spora meir eller mindre
utviska og dårlege etter kvart, og temperaturstigninga utover dagen
gjorde nok at nokre fekk bakglatte ski mot slutten av løpet.
Slik ser ein ekte birkebeinar ut
like før målgang.
Primus motor og organisator for birkebeinardeltakarane frå Hyen,
Matias Hope (60), i fint driv på veg mot mål. |

|

Hyarane stilte mannsterke på Birkebeinarrennet i år og. Her har vi samla
nokre av ”den harde kjerne”. Dei staute karane er frå v.: Harald
Ommedal, Oddvin Kleppenes, Tor Øyvin Aa, Matias Hope og Jan Harald
Pedersen. Elles var Brita Hope, Ole Andre Aa, Per Arne Sæterlid og Vidar
Rygg påmelde.
Her er resultata dei oppnådde denne gongen:
| Plass |
Navn |
Klubb |
Startnr. |
Tid |
Pulje |
| Klasse: K25, (Kvinner 25 - 29 år) |
Makstid: 04:13:31 |
| 31 |
Hope,
Brita |
Hyen IL |
40819 |
04:06:28 |
8 |
| Klasse: M20, (Menn 20 - 24 år) |
Makstid: 03:24:52 |
| 158 |
Aa,
Ole Andre |
Hyen |
18667 |
04:07:16 |
18 |
| Klasse: M40, (Menn 40 - 44 år) |
Makstid: 03:24:40 |
| 376 |
Sæterlid,
Per Arne |
Hyen IL |
9591 |
03:33:14 |
9 |
| 819 |
Pedersen,
Jan Harald |
Hyen IL |
10500 |
04:25:45 |
10 |
| Klasse: M45, (Menn 45 - 49 år) |
Makstid: 03:25:06 |
| 593 |
Ommedal,
Harald |
Hyen i.l |
9465 |
04:12:25 |
9 |
| Klasse: M50, (Menn 50 - 54 år) |
Makstid: 03:30:18 |
| 748 |
Aa,
Tor Øyvin |
Hyen |
18668 |
04:54:15 |
18 |
| Klasse: M60, (Menn 60 - 64 år) |
Makstid: 03:48:56 |
| 174 |
Kleppenes,
Oddvin |
Hyen IL |
7335 |
04:00:08 |
7 |
| 266 |
Hope,
Matias |
Hyen IL |
9256 |
04:29:45 |
9 |
Resultatliste: http://www.birkebeiner.no
-mheim-
|