|
























| | Hyarar
på Birkebeinarrennet 2004

Birkebeinarar frå Hyen IL framfor Birkebeinarstatuen på
Lillehammer. Frå venstre: Erik Hope, Martin Eimjellen, Harald
Ommedal, Jan Harald Pedersen,
Matias Hope, Vidar Rygg,
Martin J. Ommedal, Oddvin Kleppenes, Martin Mettenes og Magnar Heimset. Brita Hope
var ikke til stades då biletet vart teke.
Heile 11 løparar frå Hyen Idrettslag stilte til start på "Birken" i år, og
gjorde ein tapper innsats på det 54 km lange turrennet frå Rena til Lillehammer laurdag
20. mars. Uhyre vanskelege føreforhold gjorde dette løpet til det tøffaste
på 30 år. Snødrev og nullføre med fuktig i låglandet og tørr foksnø i
fjellet, vart ei umuleg utfordring både for dei som skulle gje råd om- og dei
som skulle smørje ski for turen over fjellet. Dei fleste måtte stoppe og
skrape is og smørje om opp til fleire gonger, og mange braut løpet. To av
hyarane greidde merket (Martin J. og Erik).
Særleg står det respekt av 73-åringen Martin J. sin prestasjon med nesten ein
halvtime til gode på maksimaltida.
Vi var ikkje heilt nøgde med arrangementet i år heller.11.000
startande er tydelegvis meir enn løypa har kapasitet til. Det var som å gå i
syttandemai-tog heile vegen, vart det sagt, og vanskeleg å kome forbi
saktaregåande løparar. Vi kjem til å føreslå lavare maksimalt deltakartal i
framtida, elles kjem det nok til å regulere seg sjølv.

Gjengen samla til middag etter rennet. Det gjeld å fylle på med væske og energi.

Neppe dei to breiaste flira som hadde mest å feire, men humøret og matlysta
var på topp.

Men Erik og Martin (til venstre for bordet) greidde merket og kunne vere godt
nøgde med innsatsen.
Vi legg ved resultatliste over dei hyarane som er komne opp i
den offisielle lista på nettet. Det vil alltid vere resultat som manglar i
starten, men lista vert oppdatert etter kvart (sjå link nederst på sida).
| Plass |
Navn |
Klubb |
Startnr. |
M1 |
M2 |
M3 |
Tid |
Ant.
merker |
Ant.
deltatt |
| Klasse:
K20, (Kvinner 20 - 24 år) |
Makstid:
04:38:04 |
| 48 |
Hope,
Brita |
Hyen IL |
294 |
01:03:22 |
03:13:44 |
04:45:39 |
05:42:43 |
0 |
2 |
| Klasse:
M30, (Menn 30 - 34 år) |
Makstid:
04:02:38 |
| 379 |
Eimhjellen,
Martin |
Hyen IL |
11951 |
00:53:11 |
02:39:51 |
04:02:30 |
04:51:39 |
0 |
1 |
| Klasse:
M35, (Menn 35 - 39 år) |
Makstid:
03:59:50 |
| 706 |
Pedersen,
Jan Harald |
Hyen IL |
10442 |
00:58:56 |
03:02:50 |
04:33:02 |
05:29:52 |
0 |
3 |
| Klasse:
M40, (Menn 40 - 44 år) |
Makstid:
03:54:16 |
| 764 |
Ommedal,
Harald |
Hyen IL |
9015 |
00:52:45 |
03:01:17 |
04:36:43 |
05:25:36 |
0 |
5 |
| Klasse:
M50, (Menn 50 - 54 år) |
Makstid:
04:06:50 |
| 190 |
Hope, Erik |
Hyen IL |
5709 |
00:44:58 |
02:16:54 |
03:20:50 |
04:05:19 |
3 |
4 |
| Klasse:
M55, (Menn 55 - 59 år) |
Makstid:
04:11:26 |
| 176 |
Kleppenes,
Oddvin |
Hyen IL |
4730 |
00:47:36 |
02:21:10 |
03:24:51 |
04:11:46 |
3 |
5 |
| 485 |
Heimset,
Magnar |
Hyen IL |
5165 |
00:58:05 |
03:07:07 |
04:34:16 |
05:35:20 |
0 |
4 |
| Klasse:
M70, (Menn 70 - 74 år) |
Makstid:
05:27:25 |
| 33 |
Ommedal,
Martin J |
Hyen IL |
4207 |
00:54:17 |
02:43:29 |
04:03:43 |
05:00:14 |
3 |
5 |
Resultatliste: http://www.birkebeiner.no
-mheim- |