Birkebeinarrennet 2002

Hyen Idrettslag melde på ein solid kontingent løparar til "Birken" i år, og heile 12 av dei 13 påmelde (pluss Roger i w.cupen) fullførte det 58 km lange turrennet frå Rena til Lillehammer laurdag 23. mars. Den 13. (Kåre Solhaug) låg heime i influensa. Fire greidde merket (Martin, Oddvin og dei to Erikane), og det er statistisk omlag same prosentdel som i rennet totalt. Omlag 1/3 brukar å greie merket.

HIL-birkebeinarane tek pause i bussturen på Strynefjellet for beinstrekk og andre naudsynte gjeremål.
Frå v: Eilev Otto Rønnekleiv, Harald Ommedal, Erling Gjengedal, Martin J. Ommedal, Jan Harald Pedersen, Oddvin Kleppenes. Erik Ommedal, Tor Øyvin Aa, Vidar Rygg, Matias og Erik Hope.


Stemning i målområdet på Birkrbeineren langrennsstadion.


Gode grannar har helsesjekk i målområdet etter knall og fall. Status: Ingen brotskadar.


Mat må til etter seks mil på ski. Men kvar vart det av ketchupen?


Etter dusj og aperitiff er det tid for middag. På menyen: Indrefilet av okse pluss ostekake.


Resultatliste: http://www.birkebeiner.no

-mheim-