Hyejenter på beverjakt


Jegeraspirantane Kristine Gjengedal og Gunn Wie Ommedal på post for å ta beveren straks han viser seg på land.

15-åringane Gunn Wie Ommedal og Kristine Gjengedal og ungdomsleiar Torger Eimhjellen, alle frå Hyen, reiste ein grytidleg onsdag morgon i slutten av april 2005 frå Hyen med retning Sørlandet, nærare bestemt området kring Kjevik ved Kristiansand, for å prøve vårjakt på bever.

Dei to 15-årige jegeraspirantane Kristine Gjengedal og Gunn Wie Ommedal fekk vere med ungdomsleiar i Noregs Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane, Torger Eimhjellen, til Sørlandet på vårjakt etter bever. For Torger sin del var det sjette året på rad beveren skulle prøvast, men for Kristine og Gunn var dette første gongen. Dei er i opplæringsjegerfasen, og kriterie for å jakte m.a. bever er fylte 14 år og løyve frå foreldre/føresette. Likeeins må jakta gjerast i lag med vaksen, kyndig jeger.

Svensketelt
- Alle kriterie var oppfylte, og det var tre spente jegerar som kom til Sørlandet seint onsdag kveld. Der venta grunneigar Øyvind på oss. Han skulle vise oss nokre nye beverbiotopar (leveområde for bever). Etter omvisinga, sette vi opp teltet og fyrte i omnen. Vi hadde eit stort 16-manns telt med omn, så plassen var det ikkje noko å seie på, fortel Torger.

- Det skulle vise seg at beveren hadde flytta frå desse "nye" plassane, slik at jaktområdet vi konsentrerte oss om var ved eit stort vatn der eg hadde skote bever tidlegare år.

Oppe i otta
- Torsdag morgon var vi grytidleg oppe. Det er best å jakte tideleg om morgonen og seint på dag. Vi padla (vi hadde med kano) innover i retning beverhytta. Spente var vi når vi steig i land og speida utover vatnet ved beverhytta. Ville beveren openberre seg no på morgonkvisten? Småfuglane kvitra om ein ny dag, og eit laksand-par bada og leika seg, lukkeleg uvitande om oss som venta på beveren. Vi speida etter beverplogen, for når vatnet er blikkstille avslører "plogen" han.

- Plutseleg runda årets første bever neset framfor oss. Han hadde jamt sig i retning hytta, så nokon skotsjanse vart det ikkje denne gong. Tett framom hytta dukka beveren, og forsvann. Dette var ein god start. Klokka nærma seg åtte, og det var tid for tilbaketrekking mot teltet og ein skikkeleg jegerfrukost; speilegg og steikt bacon. Etter eit solid måltid, og nye kubbar på omnen, la vi oss nedpå og drøsa om første jaktøkta. Det varte ikkje lenge før alle var innhenta av han Jon-Blund.

Kveldsøkta
- Jentene vakna av at hjortekjøtet fresa på panna. Det fekk bli hjortegryte til middag sidan det ikkje vart beverkjøt. Etter nok eit solid måltid, tok vi oss ei observasjonsrunde og la planar for kveldsøkta. Godt påkledde padla vi, i halv åtte tida om kvelden, inn mot beverhytta igjen. Første timen gjekk utan at  beveren braut vassflata, men sterke vibrasjonar i vatnet framfor hytta fortalde at beveren var i aktivitet inne i hytta. Inngangen til beverhytta ligg under vatn, og vinterlageret av mat vert festa i botnen framfor hytta. Kanskje var det restane av vinterlageret han heldt på med?

- Plutseleg låg beveren der, urørleg som ein tømmerstokk. Avstanden fram var kort. Eg hadde frå før sagt at vi ikkje skyt før beveren kryp opp på land, for på vatnet er blinken liten. Ved vasskanten låg der ein beitekvist, men var beveren svolten? Tida gjekk, og beveren låg, og vi bytta ut våpena med videokamera. Fascinerande var det å studere beveren i kamera og kikkert, men på land ville han ikkje. Og slik enda denne jaktøkta. Beveren låg lenge framfor oss på kort hald, og eit skot med godt anlegg ville sannsynlegvis ha gått bra. Men dette er og ein del av god jegeropplæring og jegerdisiplin, så skot vart ikkje avfyrt. Mørkret seig på, og månen gjorde det svært så stemningsfullt der vi padla oss tilbake til teltet.

Magert utbytte
- Og slik gjekk jaktdagane med opp før fuglane til morgonøkta, rekognosering/planleggintg midt på dagen, og å avslutte med ei jaktøkt i kveldinga. Pluss god mat laga på primitivt vis etter "man-tager-hvad-man-haver"-prinsippet. Jentene var i ypperste kokkeklasse med hjortemedaljongane sine.

- Teltlivet fall i smak, og sjølv om vi ikkje fekk skyte bever denne gongen, hadde vi ein utruleg fin jakttur. Det viktigaste er ikkje å skyte, men det er ein bonus. Og ingen må bli overraska om vi får litt "beverfeber" i slutten av april neste år og, avsluttar Torger.


Kristine med fingeren på avtrekkaren. - Om berre beveren ville kome på land. . .