| - Eg skaut ikkje før litt ut på dagen, og vart nok
litt smånervøs av å sitje i teltet og høyre på resultata i
radioen etter kvart som laga skaut. Dei beste fekk 247, så eg rekna
med eg måtte ha 245 for å kome med på Kongelaget, fortel den
sindige, men nøgde stor-skyttaren til Hyen på Nett.
Gode forhold
- Veret og tilhøva var bra, og eg var bra innskoten. Men
ståande-serien sat litt høgt, og eg fekk nokre taparar der. Det
førte til at eg skjerpa meg på kne og på grunnlaget, så summen
vart bra likevel. Eg trudde ikkje det heldt til plass på
Kongelaget, men etter kvart som fleire og fleire kongeemne datt
igjennom, steig håpet, smiler han.
Skive 13
- Kva trur du om å skyte på skive 13, er du overtruisk? |

Bertel Oddne Mjellem er den andre hyaren som får
skyte på Kongelaget i eit landsskyttarstemne. Ole Arild Aa hadde
245 poeng og skaut på skive 10 på Evje i 1999. Han fekk berre 97
på omgangen og hamna på 342 og ein
20.plass.
|