Bankinnbrot i Hyen-filial


Innbrotstjuvar knuste ei glasrute i inngangsdøra til Sparebanken Sogn og fjordane sitt
filialkontor i Hyen natt til onsdag. Utbytet vart truleg om lag 5.000 kroner i vekslepengar.

Natt til onsdag braut tjuvar seg inn i Sparebanken Sogn og fjordane sitt filialkontor i Hyen. Dei tok med seg safen som dei tømde og kasta frå seg ved riksvegen mellom Heimseta og Nesholmen.

F.T.: Magnar Heimset

Det vart nok heller magert utbyte for tjuvane som braut seg inn i Sparebanken Sogn og Fjordane sitt filialkontor i Hyen natt til onsdag 27.04.05. Kontoret har ope to dagar i veka, og det vert ikkje oppbevart pengar der bortsett frå eit vekslebrett med myntar.

Tok safen
– Ei glasrute i inngangsdøra var knust, og ei dør mellom gangen og sjølve kontoret var broten opp med kubein. Tjuvane hadde teke med seg safen som dei seinare braut opp med kubein og vinkelslipar. Dei kasta frå seg det tome skåpet ved riksvegen på veg mot sørvest gjennom Vestredalen. Vi har sikra oss fingeravtrykk frå safen og driv etterrøking på vanleg måte. Det bør vere godt håp om å knipe tjuvane, opplyser politiet.

Banken reknar med at eit pengebeløp på rundt 5.000 kroner er fjerna frå safen.