|
Kvinneleg
leiar etter 100 år
Etter at ein har hatt mannleg leiar
i Hyen Idrettslag i heile laget si 100-årige soge, har det no vorte ei
endring på dette. Mangeårig nestleiar i laget, Judit Aa (56), tok over som leiar etter Matias Hope på
årsmøtet
fredag den 12. januar 2006.

Judit Aa er den første kvinnelege
leiaren i Hyen Idrettslag. Ho tek over etter Matias Hope som takkar av
etter fem år samanhengande i leiarstolen. Her får han velfortente
blomstrar som takk for god innsats.
Hyen på Nett: Ola Holme
Fredag
12.januar vart det avvikla årsmøte i Hyen Idrettslag i Samfunnshuset i
Hyen.
Laget,
som markerte 100-årsjubileum 1.april i fjor, har hatt eit aktivt år. Det
kjem tydeleg fram av den fyldige årsmeldinga, og økonomien i laget er
også tilfredstillande.
Laget
har hatt ein auke i medlemstalet i 2006, og 340 personar er no medlemer i
idrettslaget.
26
av desse var frammøtte på årsmøtet.
Etter
at ein har hatt mannleg leiar i laget i 100 år, har det no vorte ei
endring på dette. Judit Aa tek over som leiar etter Matias Hope.
Arbeidsutvalet
har slik samansetjing for 2007:
v
Judit
Aa -leiar
(ny)
v
Jan
Arve Heimsæter -nestleiar (ny)
v
Tor
Øyvin Aa -sekretær
v
Eldar
Rønnekleiv
-kasserar
v
Torill
S.Holme -styremedlem
v
Anne
Kristin Rønnekleiv
-idrettsskulen
Nye
leiarar i gruppene vart:
Ø
Aldersbestemte
klasser i friidrettsgruppa: Solfrid Utheim Rygg
Ø
Skigruppa:
Martin Eimhjellen
Ø
Fotballgruppa:
Øyvind Magnus Solheim

Det nye arbeidsutvalet i HIL. Frå v.: Tor Øyvin
Aa - sekretær, Jan Arve Heimsæter - nestleiar, Judit Aa - leiar, Eldar
Rønnekleiv - kasserar, Torill Holme - utvalsmedlem og Anne Kristin
Rønnekleiv - idrettsskulen.
Årsmøte i Hyen IL
i fjor
|