Årsmøte
for sprek 100-åring
Fredag den 13. januar var det årsmøte i Hyen
Idrettslag for hundrede gong. Laget feirar nemleg 100-årsjubileum i år,
og må seiast å vere ein høgst oppegåande og sprek 100-åring.

Leiaren i Hyen Idrettslag, Matias Hope (t.v.)
overrekte velfortente blomar til avtroppande tillitsvalde med sers ulik
fartstid i laget sine styrande organ. Torbjørn Holme har meir enn ein
mannsalder bak seg både som aktiv idrettsutøvar og som tillitsvald, Tor
Øyvin Aa , noverande sekretær i arbeidsutvalet og avtroppande oppmann
for fotball jenter, har
middels fartstid i laget, Rigmor Hafstad Gjengedal gjev seg etter berre
eitt år som leiar i friidrettsgruppa, og Jørgen M. Holme takkar av som
medlem av same gruppa. Han hevdar å ha over 50 år samanhengande bak seg
som aktiv og tillitsvald i laget.
Hyen Idrettslag må seiast å vere ein sprek 100-åring.
Den 6. februar er det nøyaktig hundre år sidan laget vart skipa. Mykje
av laget sitt årsmøte sist fredag kveld dreia seg om førebuinga til
jubileumsfesten, som et tidfesta til laurdag 1. april. Elles var årsmøtet
prega av at jubilanten er ein sers oppegåande og sprek hundreåring med
god aktivitet og ein sunn økonomi.
Gode på toppen og i botnen
– Vi er gode på toppen og botnen, sa leiaren i laget, Matias Hope,
ved gjennomgangen av ei imponerande fyldig og forseggjort årsmelding. Han
sikta til at laget har seniorløparen Roger Aa Djupvik heilt i vasskorpa
til verdseliten i langrenn, 18-årige Benedikte Aa mellom dei beste
juniorane i landet, Morten Aa Djupvik som trenar for elitelandslaget i
langrenn og 16-årige Kristine Gjengedal mellom dei beste i landet i sin
klasse i slegge. På krinsnivå er deltakinga svak på ski og moderat i
friidrett, men deltakinga på laget sine lokale arrangement er svært god,
særleg i dei yngre årsklassane.
Velordna økonomi
Kasserar Eldar Rønnekleiv la fram ein rekneskap som viser at laget
har, om ikkje akkurat romsleg økonomi, så i alle fall ein sers ryddig økonomisk
situasjon der ein set tæring etter næring. Bruttoomsetninga i 2005 var på
vel 342.000 kroner med eit lite overskot på litt over 34.000. Dette siste
grunngav han med at tilskotet til leikebakken på Høgdene kom til
utbetaling dette året, elles ville det høge aktivitetsnivået ført til
eit tilsvarande overforbruk.
–
Ein omfattande dugnadsinnsats saman med støtte frå sponsorar, kommunen
og andre bidragsytarar er avgjerande for idrettslaget sine aktivitetar, står
det m.a. å lese i årsmeldinga, som vart godkjent med få merknader.
|