Årsmøte i Hyen IL 14.01.2005

Semje, ro og optimisme prega årsmøtet i Hyen Idrettslag, som vart halde i Samfunnshuset fredag 14. januar kl. 20.00.


Få utskiftningar i arbeidsutval og gruppestyre for 2005. Frå venstre: Helge Hafsås, ny leiar i fotballgruppa, Eldar Rønnekleiv, kasserar AU, Matias Hope, leiar AU, Judith Aa, nestleiar AU, Kirsti Meyer Hope, leiar i trimgruppa, Rigmor Gjengedal, leiar i friidrettsgruppa og Anne Turid Aa, leiar i aldersbestemte klassar. Tor Øyvin Aa, sekretær i AU og Kurt Djupvik, leiar i skigruppa var reiste heim då vi tok biletet. Vi sakna også Torill Holme, nytt medlem i AU og Anne Kristin Rønnekleiv, leiar i idrettsskulen.

Ingen store brytningssaker stod på saklista då Hyen Idrettslag heldt årsmøte i Samfunnshuset fredag 14. januar. Det var som vanleg utarbeidd og sendt ut ei fyldig, omfattande og oversiktleg  årsmelding som vart vedteken utan vesentlege endringar.

Stabilt medlemstal
– Medlemstalet i laget er høgt og stabilt, 340 medlemer utgjer om lag 70% av bygdefolket, og det må seiast å vere svært bra. Mange gjer ein formidabel frivillig arbeidsinnsats i laget, og folk er flinke til å stille opp og støtte laget t.d. på idrettsbasaren og andre tilstellingar, sa leiaren i arbeidsutvalet, Matias Hope ved gjennomgangen av årsmeldinga.

– Vi kan og vise til gode sportslege prestasjonar og store enkeltresultat. Fleire utøvarar kan vise til resultat som gjev langt over 1000 poeng etter Tyrving-tabellen, peika han på.

Økonomi
Økonomien i laget er, om ikkje spesielt romsleg, i alle fall velordna. Laget har tradisjon for å setje tæring etter næring, og sjølv om det kunne vore greitt å kunna dekka meir av dei aktive sine utgifter, yter laget monalege bidrag både til reiser og startpengar. På Anleggssida har laget m.a. nett avslutta eit større prosjekt med nærmiljøanlegg i tilknyting til lysløypa på Fullskjegga. Leikebakken er ferdig, og ein ser fram til utbetaling av tilskot.

Framtidige prosjekt
Laget har hatt mange anleggsprosjekt på gong med stor dugnadsinnsats av medlemer i mange år, og ein har eit visst behov for å ”trekkje pusten” no, men likevel er det ynskjemål og lauslege planar om nye prosjekt. Kunstgras på idrettsplassen ville vore eit stort pre for fotballen, men kanskje eit like stort problem for alt som har med kast-idrett å gjere. Nytt dekke på løpebana bør og kome med det første. Det vart og diskutert å legge toppdekke på lysløypetraseen på Fullskjegga for å kunne bruke løypa med mindre snø, og for at det skal vere betre å jogge der om sommaren.

Val
Det er mange postar i arbeidsutval og grupper som skal ”bekleast” i eit idrettslag. Av og til kan dette vere ein vanskeleg kabal å legge. Menn denne gongen gjekk det greitt, og leiaren i valnemnda, Aslaug Ommedal, hadde det meste i boks før møtet. Vi tek med arbeidsutval og gruppeleiarar her:

Arbeidsutvalet
Matias Hope                   leiar
Judit Aa                          nestleiar
Tor Øyvin Aa                  sekretær
Eldar Rønnekleiv             kasserar
Torill Holme                    medlem (ny)
Anne Kristin Rønnekleiv  idrettsskulen

Gruppeleiarar
Rigmor Gjengedal            friidrett (ny)
Anne Turid Aa                aldersbestemt (ny)
Kurt Djupvik                   ski
Helge Hafsås                   fotball (ny)
Kirsti Meyer Hope          trim
Anne Kristin Rønnekleiv  idrettsskulen



Leiaren i AU, Matias Hope (t.v.) delte ut blomar til avtroppande tillitsvalde.
Frå v: Jon Bjarne Hope, Ottar Arne Solheim og Jan Harald Pdersen.