|
Aktivitetskalender
Invitasjon til Solheimsløp
og Nesholmen køpp
Vi inviterer herved bygdefolket til Solheimsløp
og Nesholmen
køpp
Solheimsløpet onsdag 13.07.11 kl. 19:00
Denne veka står verkeleg i idrottens teikn når vi no skipar
til Solheimsløp for andre gong. Løypa går frå postkassene ved garasjen til
Martin Holme og opp til Solheimsstøylen. Det utgjer ca. 350 høgdemeter og
ein spring støylsvegen heile tida. På støylen vert det bålbrenning, sal av
pølser og brus. Inntektene av dette salet går til bygdelaget på Solheim. Av
ulike årsaker vart løpet lagt til ein vekedag, men vi vonar likvel at flest
muleg kan stille opp på dette kjekke løpet og i samværet etter løpet.
Vil spesielt oppfordre jentene til å delta i år, då det kun
var ei jente i dame klassa som stilte opp i fjor.
Løpet er eit samarbeid mellom
bygdelaget på Solheim og friidrettsgruppa i Hyen idrettslag.
Ved eventuelle spørsmål om løpet kan ein henvende seg til
Frank Holme, tlf. 992 94 906 eller Anders Klungre, tlf. 900 86 480.
Nesholmen køpp laurdag 16.07.11 kl.
11:00
Nesholmen køpp vert arrangert for sjette gong i år. Tidlegare
vinnara er Røyrvik, Ommedal, Heimseta og dei lokale heltane Solheimsgutane
som har vunne heile to gonger. Rekorden er sju lag, men vanlegvis deltek seks
lag. Vil difor oppmode folk om å stille opp som deltakarar eller publikum.
Sverre vert dommar under Neholmen køppen. Påmelding kan gjerast via hending
på fjesboka eller ved å kontakte Frank Holme, tlf. 992 94 906 eller
Anders Klungre tlf. 900 86 480.
Det vert servering av mat i kiosken og vi vonar på sol og gode
badetemperaturar.
Friluftshelga
2011 vert i veke 29 18.-24. juli

Salutstillinga på Columbus er makelaus i variasjon, kvalitet og pris.
Vi satsar altså på friluftshelg også i 2011. Set av veke 29 (og
særleg helga, nest siste helga i juli)
til nokre hyggjelege dagar i Hyen. Denne gongen vert hovudfokus på Austredalen
i tillegg til Hyen sentrum. Vi reknar med å ha salsutstilling på
Columbus i 2009 og. Det har vore svært vellukka, og vi håpar at alle som har
vore med før, vil vere med og stille ut denne gongen og.
Og vi har plass til fleire. Kjenner du nokon som veit om nokon
som kan ha lyst til å vere med, så ta kontakt med Judit Aa på telefon 57 86
98 55. Så er det berre å setje i gong og produsere varer.
|