|
–
No skal Rv 615 gjennom Hyen setjast på dagsorden

Den mannsterke arbeidsgruppa på fire til å arbeide for
sikring og opprusting av Rv 615 gjennom Hyen fekk eit detaljert mandat å
halde seg til. For å symbolisere kor viktig det er med sikring, fekk dei
utdelt kvar sin hjelm med 615 på. Frå v.: Kommunepolitikar Ola Holme,
leiar i Utviklingslaget Kjartan Aa Berge og kommunepolitikar og dagleg
leiar i Hyen Bygg Olav Klungre. Lastebileigar Arve Aasen er og med i
gruppa, men var ikkje til stades.
På årsmøtet i Hyen Utviklingslag i førre veke
vart det nedsett ei arbeidsgruppe til å arbeide for å få fortgang i
sikring og opprusting av Rv 615 mellom Storebru og Sandane gjennom Hyen.
– No skal
riksvegen gjennom Hyen setjast på dagsorden, sa leiaren i laget, Kjartan
Aa Berge.
F.T.: Magnar Heimset
Hyarane er leie av å måtte køyre på den smale,
svingete og mange stader direkte farlege riksvegen gjennom bygda. No krev
ein fortgang i arbeidet med betre sikring med rekkverk, rasførebygging og
opprusting av fylkets dårlegaste riksvegstrekning. Ei arbeidsgruppe på
fire personar er nedsett for å syte for å få sett vegstrekninga på
dagsorden og på dei aktuelle prioriteringslistene snarast råd.
Hovudsak på årsmøtet
Hyen Utviklingslag har mange viktige saker på
sakskartet sitt. Utbetring av RV 615 var ei av hovudsakene på årsmøtet
i laget nyleg, og det vart nedsett ei arbeidsgruppe på fire personar til
å vere pådrivarar for å få noko gjort med denne vegstrekninga straks.
Årsmøtet utarbeidde eit mandat for arbeidsgruppa i to hovudpunkt.

Det var stor semje mellom dei omlag 30 frammøtte på
årsmøtet i Hyen Utviklingslag nyleg, om at det som hastar aller mest er
betre sikring med rekkverk i den livsfarlege Hopsstranda.
Sikring
Det var stor semje mellom dei omlag 30 frammøtte
hyarane om at det som hastar aller mest er betre sikring med rekkverk i
den livsfarlege Hopsstranda. Enkelte var redde for at eit omfattande
arbeid med rekkverk ville kunne seinke arbeidet med ei varig løysing med
tunnel forbi den rasfarlege strekninga. Men det vart poengtert at ein
ikkje kunne akseptere å vente på tunnel før nødvendig sikring med
rekkverk vert gjort. Denne strekninga er så farleg at sikringsarbeid må
gjerast omgåande.
Vidare
vart det kravd betongrekkverk langs den verste vegstrekninga langs fossen
i Hopsbrekka. Det enkle autovernet som er der no er ikkje nok til å halde
tunge bilar på vegen om dei kjem på glid på glatt føre. Bussjåførar
som køyrer denne vegen dagleg, hevdar at nettopp Hopsbrekka langs fossen
er den farlegaste staden på heile Rv 615.
Rassikring
i Hyestranda er i god gjenge, og fonna som oftast har ført til
vegstenging, Skasvora, er sikra med overbygg. Arbeidsgruppa skal arbeide
for at også resten av det planlagde sikringsarbeidet mellom Holme og
Kleppenes vert gjort så snart som muleg.
Opprusting
Når det gjeld opprusting av vegen vart tunnel til
Hope sett øvst på prioriteringslista. Ein ser tunnel som den einaste
akseptable framtidsløysinga forbi den rasutsette strekninga i Hopsstranda.
Korleis dette best kan gjerast, vil ein ha detaljerte meiningar om etter
kvart som planleggingsarbeidet går fram.
Dinest
må vegen utvidast ved Høgemuren mellom Heimsetkrysset og Nesholmen. Her
er det veldig smalt og uoversiktleg, og kollisjonsfaren er stor.
Mandatet
peikar elles på fleire konkrete stadar der opprusting av vegen er nødvendig.
Ein krev ”normal” riksvegstandard på heile strekninga mellom Hyen og
Storebru både når det gjeld kurvatur, vegbreidde og dekke.
Det
vert og peika på at det daglege vegvelikehaldet har vorte dårlegare
etter at det vart sett ut på anbod.
Hyen
Utviklingslag med mange viktige saker på kartet

Styret i Hyen Utviklingslag som vart valt på årsmøtet
onsdag kveld: Frå v.: Jan Nordal, leiar Kjartan Aa Berge, nestleiar
Sivert Jan Ommedal, Grete Vonheim og Nils Eimhjellen, alle attvalde.
Nyvalde Oddrun Ommedal var ikkje til stades.
Årsmeldinga som vart presentert og godkjent på årsmøtet
i Hyen Utviklingslag nyleg viser stor aktivitet med mange viktige saker i
laget. Fleire av dei ser no ut til å finne si løysing.
Hyen Utviklingslag er med og set dagsorden i bygda
og kommunen, og laget får ting til å skje. Det viser årsmeldinga som
vart lagt fram på årsmøtet som vart halde i Hyen Samfunnshus i førre
veke.
Breiband
Arbeidet med å skaffe breiband til heile bygda har
vore ein prosess som har teke lang tid, men no ser det endeleg ut til at
arbeidet vert krona med hell og at den saka er i boks. Gloppen kommune,
Telenor og SFE har inngått eit samarbeid som vil gje breiband på
fiberkabel til begge dalane i Hyen i tillegg til Hyen sentrum i løpet av
2007. Årsmeldinga uttrykkjer stor glede over dette.
Barnehage
Saman med ei foreldregruppe har Utviklingslaget
arbeidd med å finne tomt til- og få bygt ny barnehage i Hyen. Tidlegare
har kommunen leigt barnehagelokale i kjellaren i Samfunnshuset, men desse
er ikkje særleg eigna til føremåler, særleg ikkje for born heilt ned i
eitt års alder. Også denne saka ser ut til å gå mot ei løysing, og
det er godt håp om å få bygt ny barnehage i løpet av 2008.
Gigantlinja
Saka om bygging av ei 420 kV kraftlinje mellom
Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre der fleire aktuelle trasear er
vurdert å gå gjennom Hyen, har vore ei høgst aktuell sak for
Utviklingslaget i året som gjekk. Laget har vore aktivt i å få ut
informasjon om konsekvensane av linja. Ein har utarbeidd høyringsuttale
om saka der ein går klart i mot å få ei slik gigantlinje gjennom bygda,
går det fram av meldinga.
Vegstandarden
Vegstandarden i Hyen har vore eit stort tema i året
som gjekk, og vil måtte vere det i lang tid framover. I januar i år
arrangerte laget og kommunen ein vegkonferanse med stor politisk
deltaking, til og med av stortingspolitikarar. Grunnlaget for arbeidet
vidare med saka vart vesentleg styrka på dette møtet, ikkje minst takka
vere det store engasjementet frå bygda.
Vidare
peikar årsmeldinga på det gledelege i at fleire nye familiar flytta til
Hyen siste året, m.a. ei frå Nederland. Ein fekk og til ei ny utgåve av
bladet Hyen-Nytt som ein meiar vart ei informativ, interessant og god
avis. Ein gledar seg og over at hjørnesteinsbedrifta Br. Aa gjer det svært
godt for tida og treng fleire folk.
|