Veg på agendaen i Hyen Utviklingslag


Veg, vegstandard og vedlikehald stod øvst på saklista, utanom dei faste årsmøtesakene, då Hyen Utviklingslag heldt årsmøte i lesesalen ved Hyen skule nyleg. – Eg oppfattar møtet slik at opprusting og vedlikehald av vegane våre vert hovudsak for styret å arbeide med i 2006, sa leiaren i Utviklingslaget, Kjartan Aa Berge.

På årsmøtet i Hyen Utviklingslag nyleg, var vegar, vegstandard og vedlikehald sentrale tema.
  – No er det på høg tid å få gjort noko som monnar med vegstandarden i Hyen, var den gjengse meininga på møtet.

At vegstandarden i Hyen er for dårleg, og til dels uhyre problematisk, er ei kjent sak for alle som er lokalkjende og har ferdast på vegane i bygda. Tolmodet hjå innbyggjarane er no i ferd med å ta slutt, og problema aukar med den kommunikasjonsmessige utviklinga. Årsmøtet i Hyen Utviklingslag, som vart halde i lesesalen på Hyen skule nyleg, gav styret som prioritert oppgåve å arbeide med å få fortgang i planane om opprusting av vegnettet.

  – Riksveg 615 mellom Hyen og Storebru er mellom dei dårlegaste vegstrekningane i heile fylket, vart det hevda.

Hopsstranda
I møtet vart det peika på tilhøve og hendingar som har vore omtala i media i det siste. Saka om dårleg og til dels manglande rekkverk i den svært farlege Hopsstranda, var det brei semje om å følgje opp. Hendinga med den polske semitraileren som delvis sperra vegen der i seks-sju timar nyleg, viser kor sårbare ein er med den vegstandarden som er no. Hopsbrekka er ein annan flaskehals der vogntog og andre køyrety stadig har problem. Strekninga mellom Skogheim Kraftverk og Nesholmen er urimeleg smal og svingete, noko som fører til problem og stadige kollisjonar.

  – Møtest to store vogntog der, vert det kork og skikkeleg krise. Der er ikkje plass til å rygge slike køyredoningar på dei verste stadane, vart det sagt.

Hyestranda
Leiaren i Utviklingslaget, Kjartan Aa Berge, orienterte om situasjonen i Hyestranda, og at det no ser ut til å bli ei snarleg sikring av dei verste og mest rasutsette stadane der.

  – Dette er svært gledeleg, og vi skal framleis syte for å ha påtrykk for best mogeleg rassikring av heile strekninga mellom Holme og Hestenesøyra. Men eg trur tida no er inne for å setje fortgang i planane for utbetring av vegen mot Storebru og. Trafikken aukar, og det vert stadig fleire tunge køyrety og gjennomgangstrafikk på vegen, hevda han.

  Olav Klungre orienterte om brevet han har sendt Vegvesenet om snarveg mellom Førde og Nordfjordeid, noko som naturlegvis vil ha ei opprusting av Rv. 615 gjennom Hyen som ein føresetnad. Andre talarar meinte at eit slikt prosjekt nok låg noko fram i tid, og at ein måtte krevje straksløysingar for utbetring av dei verste strekningane.

Ommedalsstranda
Arve Aasen i Aasen Transport peika på at tunnelen gjennom Lakshammaren på fylkesvegen i Austredalen, som vart ferdig i fjor vinter, ikkje hadde løyst alle problem på den vegen heller.

  – Til dømes er brua over Åtverrelva smal og vanskeleg å kome inn på med lastebil og hengar. Det har vore øydelagt mange hengarfelgar på støypekantane der, hevda han. 

Emhjellestranda
Også kommunevegane fekk karakteren ”ikkje bestått”. Særleg er situasjonen i Emhjellestranda prekær. På enkelte strekningar, mest der vegen går over dyrka mark, er vegdekket berre hol i hol.

  – Ein må nesten vere lokalkjent for å kome heilskinna og med uskadd bil forbi alle slagholene der, påstod leiaren i Teknisk, landbruk og kulturutvalet i kommunen, Aud Kari Solheim. Ho var sjølvsagt klar over kven som har ansvaret, og kan gjere noko med det.

  Leiaren i laget, Kjartan Aa Berge, konkluderte med at opprusting og vedlikehald av vegane i Hyen vert ei prioritert oppgåve for styret å arbeide med i 2006 i tillegg til å halde fram arbeidet med å skaffe breiband også til dalane i bygda.


Sekretæren i Hyen Utviklingslag, Margrethe Mjellem Tonheim, takka av etter å ha vore med i styret sidan laget vart skipa i 1997. Leiaren i laget, Kjartan Aa Berge, overrekte henne ein bukett vakre blomstrar, forsvarleg innpakka i Firda Tidend, som takk for lang og tru innsats i mange år.

Hyen Utviklingslag utvida styret

Det vart attval over heile linja på årsmøtet i Hyen Utviklingslag, bortsett frå Margrethe Mjellem Tonheim som hadde sagt frå seg i styret.     Valnemnda gjorde framlegg om Grete Vonheim som ny styremedlem i hennar stad. I tillegg rådde dei til å utvide det fem medlemer store styret med ein representant for å få til enno betre spreiing både interessemessig og geografisk. Nils Eimhjellen vart føreslegen som den sjette styremedlemen. Alle vala vart gjort med akklamasjon.

  Det ny styret vart følgjande:

  Kjartan Aa Berg, eleiar. Sivert Jan Ommedal,  nestleiar. Solfrid Utheim Rygg, kasserar. Jan Nordal, medlem. Grete Vonheim, medlem. Nils Eimhjellen, medlem. Rigmor Hafstad, Gjengedal, vara. Sølvi Espeland Hope, vara.