|
Kjartan
Aa Berge, nyinnflytta hyar, ny leiar i Hyen Utviklingslag
Siviløkonom og statsautorisert revisor, Kjartan Aa Berge, er
”innanriksminister” på SF Auto.
Han bur i Hyen og er nyvalt leiar i
Hyen Utviklingslag. Foto: Ola Holme
På årsmøtet i Hyen Utviklingslag i førre veke vart nyinnflytta
bergensar, siviløkonom og statsautorisert revisor, Kjartan Aa Berge, valt
til leiar i laget. Han er kritisk til utviklings-arbeidet i kommunen,
eller kanskje meir presist; manglande satsing på næringsutvikling.
F.T.: Magnar Heimset
Hyarane er flinke til å integrere nye sambygdingar i miljøet i bygda.
Relativt fersk hyar, tidlegare bergensar, Kjartan Aa Berge, gift med
odelsjenta Magni Aa Berge, er ikkje noko unntak. Her øygnar hyarane ein
ressursperson som det bør dragast vekslar på, og på årsmøtet i
Utviklingslaget vart han valt til leiar i laget.
Kritisk
Mange saker kan ofte vere tent med å bli sett på med nye,
”friske” auge. Det kan vere tilfelle med tiltaksarbeidet i kommunen
generelt, og i Hyen spesielt. Under overskrifta ”Vekst og nyskaping i
Gloppen” i fredagsavisa, har Berge eit lesarinnlegg der han stiller
kritiske spørsmål til kva vilje kommunen har til å prioritere næringsutvikling
og ta dette saksfeltet seriøst.
Ser utfordringar
– Du ser store utfordringar for næringsutviklinga i Gloppen kommune
i åra framover?
– Først vil eg seie at det er ingen samanheng mellom lesarinnlegget
mitt og det at eg vart valt til leiar i Hyen Utviklingslag. Lesarinnlegget
er eit resultat av ting eg har tenkt på og vore oppteken av lenge før
dette med å leie utviklingslaget vart aktuelt, presiserer Berge.
– Ja, eg trur nok der er ein del utfordringar å ta tak i. Problemet
er at folk her er så tilbakehaldne og forsiktige. Dei er redde for å prøve
noko nytt, for å ta sjansar og kanskje mislukkast. Folk er reserverte, vi
har det jo så bra som vi har det, og det må då folk utanfrå forstå.
Landbruk er berebjelken
– Men eg ser jo at her er svært stabil og lojal arbeidskraft, og
det er eit stort pre. Landbruket har vore- og er vel framleis berebjelken
i næringslivet her, og innan det fagområdet er her nokre flotte eksempel
på gode foredlingsbedrifter som gjev arbeid til mykje folk. TINE meieriet
på Byrkjelo utviklar seg til å bli ei veldig bra bedrift, og no Fiskå Mølle
som byggjer ut produksjonsanlegg på Kattahamrane.
– Trur du vi ville fått desse utbyggingane til Gloppen om kommunen
ikkje hadde drive utviklingsarbeid og våga å satse temmeleg mange
millionar på tilrettelegging av tomter, og på bygging av kai og
verkstadhall på Kattahamrane?
– Nei, den satsinga var nok avgjerande både for stormeieriet på
Byrkjelo og for Fiskå Mølle si utbygging, men anlegget på Kattahamrane
har no stått tomt lenge då, seier Aa Berge tankefullt.
– Det finst andre eksempel på godt utviklingsarbeid. Eurofoto på
Reed tykkjer eg er ei spennande bedrift. Dei samarbeider godt med
riksdekkande aviser og vekeblad om å tilby digitale fototenester, og dei
set spor etter seg i utlandet som det står respekt av. Brødrene Aa er
eit anna eksempel, men sidan eg er familiært knytt til dei som står bak,
skal eg kanskje ikkje seie så mykje meir om dei.
Konkret i Hyen
– Kva konkret vil du, som leiar av utviklingslaget, ta tak i av
utviklingsarbeid i Hyen?
– Først og fremst må vi vidareføre arbeidet med å skaffe stabilt
breiband til bygda, også til dalane. Det er ei stor og viktig oppgåve,
for breiband er nesten eit vilkår for moderne vekst og utvikling.
Naturbruksprosjektet er spennande og må følgjast vidare opp. Hyen er eit
livskraftig samfunn. Eg let meg imponere over kor stolte hyarane er av
bygda si, og det er ei sterk drivkraft til utvikling. Her vil vi vere, og
endrar rammevilkåra seg, så får vi finne på noko anna å drive med,
seier Aa Berge.
– Privat møter eg store utfordringar i det å skulle bu på ein
gard. Eg har mykje å lære og setje meg inn i, både om gardsdrift og
meir fritidsprega jakt og fiske, og eg er svært audmjuk overfor slike
oppgåver. Hyarane har teke
veldig godt i mot meg, og eg trivst godt her.
Innanriksminister
– Du arbeider på Sandane, kva slag jobb har du der?
– Eg har vore utruleg heldig og fått jobb som assisterande direktør
i SF Auto, ein jobb eg aldri ville kunna fått i Bergen. Eg har ansvar for
den interne drifta både på lastebil- og personbilavdelingane. Vi spøkjer
med at eg er innanriksminister, medan Sven Rylandsholm er utanriksminister
i selskapet, smiler Aa Berge.
– Kva slag utdanning og kompetanse har du formelt?
– Eg er utdanna siviløkonom, og er statsautorisert revisor, så det
trengs nok litt tilpassingar i den nye jobben.
Årsmøte
i Hyen Utviklingslag

Styret for Hyen Utviklingslag i 2005. Frå v.: Solfrid Utheim Rygg,
Kjartan Aa Berge,
Sivert Jan Ommedal, Jan Nordal og Margrethe Mjellem Tonheim.
Det vart halde årsmøte i Hyen Utviklingslag i Lesesalen på Hyen
skule onsdag 02. februar kl. 20.00. Breiband til bygda og
Naturbruksprosjektet var sentrale saker.
Tekst og foto: Ola Holme
Onsdag kveld 02. februar kunne Ole Matias Aa ynskje 28 personar
velkomne til årsmøte i Hyen Utviklingslag, ein god del tidlegare på året
enn det som har vore vanleg dei siste åra.
Leiaren gjekk gjennom årsmeldinga som tok for seg dei viktigaste
sakene som laget har arbeidd med. Breiband til Hyen, og deltaking i
Naturbruksprosjektet var mellom dei.
I årsmeldinga oppmodar styret hyarane om å støtte opp om to av
grunnpilarane i bygda, nemleg butikken og bensinstasjonen. Med dagens
fokus på pris, er det nok ein realitet at desse er under eit stadig større
press. Det er difor viktig at bygdefolket støttar opp om desse.
Nettsida til Hyen, Hyen på Nett, fekk mykje ros på årsmøtet, og all
ære til Magnar Heimset som gjer ein stor og god innsats med denne. Det
vart lufta ein idê om ein også kunne få til ei oppslagstavle på sida.
Dette er noko styret får ta opp med redaktøren.
Breiband
Ole Matias orienterte om kva som hadde skjedd siste året med denne saka.
Firdanett, no Enivest, fekk til breiband inn til Straume for eit knapt år
sidan. Diverre har det vore mykje kluss med utstyret som vart sett opp, og
Enivest vil ikkje kople til fleire abonnentar før dei får til meir
stabile forhold. Det nye styret vart også oppmoda om å vere pådrivarar
for å få eit meir stabilt nett, og samstundes arbeide for at det vert
utbygt til dalane.
I 2004 vart det søkt om midlar til dette, men søknaden kom i gruppe
2. Det vil seie at ein må jobbe vidare med prosjektet, og så sende inn
ny søknad. Dei prosjekt som var plasserte i gruppe 1, fekk tildelt
midlar.
Tor Larsen orienterte litt om bruken av breiband, og kva fordeler ein har
f.eks. på skulen med å kunne nytte dette.
Naturbruksprosjektet
Dette er eit prosjekt i regi av Fylkesmannen, og har som hovudmålsetjing
å auke verdiskapinga gjennom natur- og kulturbasert næringsutvikling i
og ved utvalde verneområde i Sogn og Fjordane.
Hyen vart peika ut til å vere med i dette prosjektet, men det er vel
ikkje til å koma forbi at prosjektet har hatt blanda oppslutnad i Hyen, då
her er sterke krefter som er i mot det store vernepresset bygda er utsett
for.
I 2004 vart det helde 2 samlingar. Fyrst ein framtidsverkstad i byrjinga
av februar med omlag 20 deltakarar. I slutten av mars hadde ein så eit
oppfølgingsmøte.
På årsmøtet vart det orientert litt om statusen for dei ulike
prosjekta.
Val
Valnemnda hadde fått melding om at Ole Matias Aa sa frå seg som
leiar, og Sølvi E. Sæther sa frå seg som nestleiar.
Ola Holme la fram valnemnda sitt forslag til val, og kunne opplyse at
Kjartan Aa Berge hadde sagt ja til å verta ny leiar, og Sivert Jan
Ommedal nytt medlem av styret.
Årsmøtet vel leiar og medlemer til styret, og så konstituerer styret
seg sjølv. Årsmøtet slutta seg til valnemnda sitt framlegg.
Etter møtet var slutt, hadde det nye styret eit kort møte der dei
konstituerte seg, og resultatet vart slik:
Leiar:
Kjartan Aa Berge - ny (vald for eitt år)
Nestleiar: Sivert Jan Ommedal
- ny (vald for to år)
Kasserar: Solfrid Utheim Rygg - attval (vald for to år)
Sekretær: Margrethe Mjellem
Tonheim (ikkje på val)
Medlem: Jan Nordal
(ikkje på val)
Årsmelding for
Hyen Utviklingslag 2004
Styret i 2004
Leiar: Ole Matias Aa
Nestleiar: Sølvi E. Sæther
Kasserar: Solfrid Utheim Rygg
Styremedlem: Margrethe Mjellem Tonheim og Jan Nordal
Vara: Rigmor
H.Gjengedal og Torill Solheim Holme
Styret har hatt 3 styremøte i 2004.
Viktige saker som laget har arbeidd med og vidareført i 2004:
Breiband til Hyen
Breiband er eit prosjekt som vi har arbeidd med i lenger tid.
I 2003 søkte vi om tilskot til utbygging av breiband til dalane, då
vi rekna med at vi ville få dekning inn til Hyen utan vår deltaking. Vi
presenterte ei kostnadsramme på ca. 700.000.- der vi søkte om 50%
tilskot. Av dette fekk vi
godkjent 50.000.- Vi såg
fort at dette ville bli vanskeleg å kunne nytte, då vi ikkje ville klare
eigendelen som måtte på plass. Seinare
viste det seg at Kommunen hadde problem med finansiering av framføring
til Hyen Sentrum, og søkte om at vårt tilsagn kunne brukast til denne
linja. Dette sa vi ja til, då
vi såg dette som naudsynt for å komme vidare til dalane. Dette er no kome på plass. Firdanett
var selskapet som stod for utbygginga.
Dette selskapet har seinare vorte samanslege med Enivest.
Etter ein del startproblem har dei no oppnådd rimeleg stabile forhold,
og skal i næraste framtid skifte ut fleire komponentar for å få ei
fullgod løysing.
Hyen Utviklingslag sende i haust inn ein søknad på vidare utbygging
til dalane. Denne søknaden
gikk til noko så enkelt som ”kompensasjonsordning for bortfall av
differensiert arbeidsgjevaravgift”.
Vi fekk avslag på søknaden. Vi vart plassert i ”kategori 2”
– dvs. at det ikkje vart gjeve støtte, men at søkjar vert oppmoda til
å vidareutvikle søknad med sikte på ei mogeleg utlysing neste år.
Dette arbeidet bør sjølvsagt vidareførast.
Naturbruksprosjektet
Hovudmålsetjing i prosjektet er å auke verdiskaping gjennom natur-
og kulturbasert næringsutvikling i og ved utvalde verneområde i Sogn og
Fjordane.
Det er ikkje til å komme forbi at prosjektet har hatt blanda
oppslutnad i Hyen, då her er sterke krefter som er mot det store
vernepresset bygda er utsett for. Det
har difor vore ein balansegong mellom å dra nytte av prosjektet samtidig
som ein ikkje ville gje nokon form for aksept av alle verneplanar for
Hyen.
I 2004 har ein hatt 2 samlingar:
-
Framtidsverkstad 5-6 februar der ein samla 20 deltakarar.
-
Oppfylgingsmøte 23. mars
Naturbruksprosjektet har gjeve starthjelp til fleire prosjekt i Hyen,
som vi håpar kan vidareutvikle seg til å kunne stå på egne bein som sjølvstendige
verksemder.
Prosjektgruppa ynskjer å ha ei ny samling i nær framtid i Hyen.
Andre aktuelle saker for Hyen i 2004:
-
Nytt rasoverbygg er kome på plass i ”Skasvora”.
-
Lakshammaren fekk ei ”lukkeleg” løysing med tunnel etter mykje
dramatikk gjennom 2004.
-
Hyen på Nett er ei populær heimeside for Hyen som mange nyttar, både
av bygdefolk og studentar. Magnar
Heimset gjer eit stort arbeid for å halde den vedlike.
-
Som tidlegare år vart Friluftshelga
avvikla nest siste helga i juli, også denne gongen svært vellukka.
Helga er eit av dei beste marknadsføringstiltak vi har i Hyen, og
bør halde fram.
-
Det vil og vere naturleg for Hyen Utviklingslag å peike på og
glede seg over alle nyfødde
barn i 2004. Dette i tillegg til at fleire ny-etablerte no buset seg i
Hyen lovar godt for bygda og framtida.
Hyen Utviklingslag vil oppmode alle i Hyen til å støtte to av
grunnpilarane i bygda, som er butikken og bensinstasjonen. Med dagens
fokus på pris, er det nok ein realitet at disse er under eit stadig større
press.
Hyen, 2.februar 2005
For styret i Hyen Utviklingslag
Ole Matias Aa
-leiar-
|