






















| | Årsmøte i Hyen
Utviklingslag
Det vart halde årsmøte i Hyen Utviklingslag i Samfunnshuset tysdag
11. mai 2004. Tema på møtet var:
- Naturbruksprosjektet, orientering av prosjektleiar Geirmund
Dvergsdal
- Årsmøtesaker
|

|
Prosjektleiar i Naturbruksprosjektet hjå Fylkesmannen,
Geirmund Dvergsdal, var til stades på møtet og orienterte m.a. om
ubrukte midlar frå Miljøvern- departementet som kan søkjast på til utarbeiding av forprosjekt for nye
natur- og kultur-baserte utviklingstiltak i Hyen og Veitastrond. |
|
Val:
Styre:
Ole Matias Aa
leiar attvald
Sølvi Eimhjellen
Sæter nestleiar
ikkje på val
Margrethe Mjellem Tonheim sekretær
attvald
Solfrid Utheim
Rygg
kasserar ikkje på val
Jan Nordal
styremedlem ny
Rigmor Hafstad Gjengedal varamedlem attvald
Torill Solheim
Holme
varamedlem attvald
(vi tek atterhald om konstitusjonelle endringar)
Revisorar:
Magne Osmundnes
attvald
Eldar
Rønnekleiv
ikkje på val
Valnemnd:
Ola
Holme
leiar
Ola Henning Ommedal
Anne Berit Selle
ny |

Erik Utheim (biletet) hadde sagt frå seg i styret etter
lang
og tru teneste. Som nytt styremedlem vart valt Jan Nordal.
|
|

|
Damene står sterkt i Hyen Utviklingslag. Sølvi Eimhjellen
Sæter er nestleiar, og Solfrid Utheim
Rygg styrer pengane. Sekretæren, Margrethe Mjellem Tonheim var ikkje til stades
på møtet. |
Det vart gjort ei vedtektsendring på møtet.
Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars året etter meldingsåret. Ikkje
innan utgangen av meldingsåret som tidlegare.
Magnar Heimset
- ref - |