|
Årsmøte i Hyen
Utviklingslag 2003
Det vart halde årsmøte i Hyen Utviklingslag på Vågen motell
onsdag 12. februar 2002 med omlag 30 frammøtte. Tema på møtet var:
- Ny næringsutvikling i Hyen, oppsummering frå samlinga 04.desember 2002
- Orientering om breiband-utbygging til Hyen v/ Sjur
Gimmestad, Firdanett
- hyen.com, Magnar Heimset, orientering om bruk av heimesida
- Årsmøtesaker

Omlag 30 frammøtte følgde interessert med på ulike tema som var oppe på
årsmøtet.

Sjur Gimmestad frå Firdanett AS orienterte om breibandutbygginga i Gloppen, og
om kva som må til av tekniske og økonomiske midlar for å kunne utvide nettet
med ei radiobasert 50 mb. breibandline til Hyen.
Selskapet hans er interessert i ei slik utbygging, men er avhengige av mannjamn
oppslutning og engasjement frå private brukarar, bedrifter og kommunale
instansar som td. skulen i bygda for å få brukbar økonomi i eit slikt
prosjekt.
Dette er ei arbeidsoppgåve for utviklingslaget.
Ole
Matias Aa vart vald til leiar i laget etter som Ole Arild Aa hadde sagt frå seg
i styret.
Det nye styret ser slik ut: Ole Matias Aa
leiar ny
Sølvi Eimhjellen
Sæter nestleiar
Margrethe Mjellem Tonheim sekretær
Erik
Utheim
kasserar
Solfrid Utheim
Rygg
styremedlem ny
Rigmor Hafstad Gjengedal varamedlem
(vi tek atterhald om konstitusjonelle endringar)
ÅRSMELDING FOR HYEN UTVIKLINGSLAG 2002
Året 2002 har nok ikkje vore av dei mest aktive åra i utviklingslaget si
historie. Vi har ikkje hatt nokon store byggjeprosjekt som viser att i kvardagen.
Men det har likevel vore aktivitet i laget, vi har hatt 10 styremøte og
årsmøte. Ole Matias Aa og Erik Utheim var på Sandane i møte med ordføraren
og dei andre utviklingslaga i kommunen.
Hyen Nytt påska 2002.
Sidan vi ikkje klarte å få til avis i 2001, ønskte vi å få til Hyen Nytt
ganske tidleg på året. Det var naturleg å prøve å få til avisa til påske.
Då har fleire tid til å lese det som kjem i posten. Det å lage Hyen Nytt er
mykje arbeid, og ein ting er sikkert. Utan hjelp frå andre hadde ikkje vi i
utviklingslaget fått dette til. Vi vil med dette takke alle som hjelpte til med
avisa. Vi har fått mange gode tilbake- meldinger på avisa og mange har betalt
bladpengar. Ny avis 2003?
Søknad om deltaking i Bygdeutviklingsprogrammet 2002 - 2005.
Bygdeutviklingsprogrammet 1999 - 2001 som Hyen var med i, har vore til
evaluering ved Høgskulen i Sogn og Fjordane v/Øyvind Glosvik. Han har skreve
ein rapport om programmet, der bygdeutviklingsarbeidet fekk svært god omtale.
Landbruksavdelinga hjå fylkesmannen vil difor føre vidare arbeidet og har
utarbeidd ein ny prosjektplan for 2002 - 2005 der bygder som har vore med
tidlegare og kunne søkje.
Hyen utviklingslag bestemte seg for å sende ein søknad der vi skreiv litt
om bygda og kva vi ville bruke tid og midlar til. Søknaden vart nok funnen for
lett. I alle fall så var det Bryggja Utviklingslag og Holmedal Vel som vart
plukka ut.
Nytt Instrument i gymbygget.
Orgelet som har stått i gymbygget har lenge vore i dårleg forfatning. Då
det ikkje svarte seg å reparere det, vart det bestemt at ein skulle kjøpe nytt
orgel. Dei aller fleste lag og organisasjonar i bygda gjekk saman i eit
spleiselag og fekk inn kring 50.000 kroner. Hyen utviklingslag bidrog med 3.000
kroner.
Naturbruksprosjektet.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte i 2000 eit forprosjekt kalla
naturbruksprosjektet. Der såg ein på tilhøvet mellom vern og
næringsutvikling i randsonene til verneområdet. Prosjektet avdekka store
skilnadar mellom korleis ulike bygde utnyttar verneområde i næringsmessing
samanheng.
Då det var på trappene med eit landskapsvernområde i Gjengedalsmarka, vart
Hyen invitert til å vere med på dette prosjektet. Her vil Hyen få tilbod om
å vere med i utviklingsprosessar med mål å styrke grunnlaget for
næringsutvikling basert på dei naturlege føresetnader som ligg i dei utvalde
områda.
10. -11. september var det avspark i naturbruksprosjektet i Jostedalen. Erik
Utheim, Solfrid Utheim Rygg og Ole Arild Aa deltok der. Første dagen vart brukt
til åpning av prosjektet ved Fylkesmannen, presentasjon og planar frå
prosjektleiarane og fleire andre støttespelarar. Andre dagen var vi på
brevandring på Nigardsbreen. Det var sol, stilt og varmt så det var ei fin
oppleving. Avslutninga var lagt til Breheimssenteret med ein kort presentasjon
og filmframsyning.
Samling i Hyen 4. desember. Ein del av Naturbruksprosjektet var å ha ei
samling der ein skulle køyre ein prosses basert på ein metodikk for fremjing
av entreprenørskap. Prossesen (REAL) vart
køyrt av Ivar Offerdal frå Høgskulen i Sogn og Fjordane i samarbeid med
prosjektleiarane.Vi fekk samla saman 24 personar denne dagen.
Målet med prosessen er å utvikle kreativitet og arbeide med produktiv
utvikling og problemløysing.
Ei av øvingane gjekk ut på å trene på å bryte tradisjonelle tenkebaner,
slik at ein ikkje vert fastbunden. Ei anna øving gjek ut på å skilje mellom
ein god ide og ein forretnigside. Vi vart utfordra til å komme fram med så
mange idear som mogeleg, for så å finne pluss og minus-faktorar på dei ulike
ideane.
Naturbruksprosjektet har løyvd kr. 10.000,- til Hyen Utvilingslag som skal
nyttast til å gå vidare med prosessen i Hyen.
Friluftshelga 2002.
Friluftshelga var vellukka i år og. Sjølv om veret ikkje viste seg ifrå si
beste side, var her godt med deltakarar og besøkjande på stort sett alle
arangementa. Det var kome med litt nye aktivitetar i år. Både
vannskiaktiviteten og sykkelturen Hyen rundt, samt fjelturen i Fjellråsa har
gjort at her er eit tillbod til dei litt yngre og sprekare besøkjande. Det at
Friluftshelga består og at den greier å fornye seg litt, synest
Utviklingslaget er viktig for bygda. Og sjølv om vi ikkje er det laget som tek
mest ansvar for sjølve avviklinga, vil vi arbeide for at det vert Friluftshelg
også i åra frammover.
Hyen på nett.
Hyen si eiga heimeside har etter kvart vorte innhaldsrik og god , og vi har
ei kjensle av at ho vert godt motteken brukt av mange. Den store utfordringa er
å halde hemesida oppdatert med godt stoff frå bygda til ei kvar tid. Her gjer
Magnar Heimset ein stor jobb som vi i utviklingslaget takkar for. Men vi vil
utfordre lag og organisasjonar i bygda til å bli meir aktive med å få lagt
inn stoff på heimesida.
Styret 2002 har vore slik samansett:
Ole Arild Aa
leiar
Sølvi Eimhjellen Sæter
nestleiar
Ole Matias Aa
kasserar
Margrethe Mjellem Tonheim sekretær
Erik Utheim
styremedlem
Solfrid Utheim
Rygg varamedlem
Rigmor Hafstad Gjengedal
" |