Årsmelding Hyen Ungdomslag 2003

Styret 2003

Leiar: Odd Helge Mjellem Tonheim
Nestleiar: Hilde Katrin Aa
Kasserar: Marit Holem Straume
Skrivar: Elin Karin Hope
Styremedlem: Steffen Birkeland Hope
1. vara: Eli Johanne Mjellem
2. vara: Ole Andre Aa

Nemder 2003

ü      Lyd og lysnemd:
Leiar: Jon Martin Rønnekleiv
            Vidar Holme
            Dag Tore Mjellem Tonheim

ü      Teaternemnd:
Leiar:  Ole Arild Aa
            Jens Andre Gjengedal

ü      Leik og dansenemnd:
Leiar: Anne Marie Mjellem
            Gudmund Solheim
            Harald Holme

ü      Diskoteknemnd:
Leiar:  Dag Tore Mjellem Tonheim
             Steffen Birkeland Hope
             Benny Aasen
             Jens Andre Gjengedal

Elin Karin er i gong med å skrive ut sjekken til vinnaren av logokonkurransen.

Representantskapet for Hyen Samfunnshus i HUL i 2003:

Medlem:

Varamedlem:

Leiaren i Hyen Ungdomslag

Arve Aasen

Gudmund Solheim

Hans Otto Holme

Vidar Holme

Magni Aa

Aud Aasen

Ole Arild Aa

Ottar Hope

Nils Magne Gjengedal

Revisorar:

Roger K. Nordal og Ottar Hope


Aktivitetar og arrangement 2003

Årsmøte 31.01.03

Det var ikkje noko stort oppmøte på årsmøtet i år heller, vi vart 18 stykker til slutt. Men dei som var der fekk sett ein god del bilete av kva ungdomslaget har gjort på i det førre året. Det vart ein litt forseinka start, fordi vi venta på at folk som var på fotballtrening skulle verta ferdige der. Difor har vi i år valt å utsetja årsmøtet ein halvtime.

Dansekveld 22.02.03

Dette var eit prøveprosjekt der Hyen Spelemannslag kombinerte ein øvingskveld med at der var ope for publikum som kunne koma og danse. Det vart tatt ein inngangsbillett på 30 kroner for å dekka utgifter med tilstellinga. Det var ikkje noko stort oppmøte, men dei som var der hadde det kjekt og fekk svinga seg i dansen. Vi burde prøva til igjen med dette.

Årsmøte i SoFUL 08.03.03

I år var det vår tur til å arrangera årsmøtet i Sogn og Fjordane Ungdomslag. Sidan det var ynskje frå styret i SoFUL at det var ei tilstelling om kvelden etter årsmøtet haurde vi med idrettslaget om dei kunne arrangera trimfesten denne dagen, og det gjorde dei. Men det dumme har var at alle på årsmøtet reiste heim rett etter årsmøtet. Sidan samfunnshuset og gymnastikksalen var opptatt valgte vi å la Vågen Motell og Camping stå for arrangementet. Her vart årsmøtet godt arrangert. Det byrja med frukost til representantane klokka 10.00, årsmøtet gjekk sin gong, med ei pause for middag, og årsmøtet vart avslutta ca klokka 17.30. Trygve Hauge tok seg av rekninga frå Vågen Motell og Camping. Utan Vågen Motell og Camping hadde ikkje årsmøtet gått så fint som det gjorde, takk til dei.

Swingkurs 28.03.03 og 29.03.03

Hyen Ungdomslag drog (etter oppfordring frå bygda) i gang eit nytt swingkurs. Instruktør var Hans Otto Holme. Kurset varte i to timar kvar kveld og her var 19 deltakarar. Eg trur dei alle var godt nøgde.

17. Mai

For styret sin del byrjar førebuinga til denne dagen allereie før påske. Det tar tid å få på plass eit program der fleire ulike aktørar frå bygda skal vera med, litt overtalingsevne må til. Dessutan er det mange folk som skal i sving for å få kafédrifta på dagtid til å gå rundt. Det var i år som elles kafédrift på dagtid i samfunnshuset. Lyden i Lunden var i år også tilrettelagt av HUL, og dette gjekk som vanleg utan større problem. Om kvelden arrangerte vi program og dans i gymnastikksalen og samfunnshuset medan Skulekorpset stod for maten. I programmet var der mange lag og organisasjonar som var med og takk til alle. 


I år hadde vi leigt inn bandet Popmix til å spela til dans.

Friluftshelga

For Ungdomslaget sin del byrja friluftshelga for alvor helga før, det vil sei den 19. – 20. juli, då hadde vi dugnad på sandvolleyballbana med å slå litt, spa opp sanden og lage til litt der. Vi var òg opp til flaken i Gjengedalsmarka og sjekka at alt stod bra til der, bålet som vi sette opp for to år sidan stod fint endå, så her var det ikkje mykja å gjera.

Fredag den 25. juli stod vi som vanleg for sandvolleyballturnering i Vika. Her var det mange folk frå nær og fjern som deltok. Vi greidde å få avslutta turneringa tidlegare i år enn i fjor, og trur vi no har funne eit system som fungerar her.

Laurdag den 26. juli arrangerte ungdomslaget som vanleg flakedans på flaken vår i Gjengedalsmarka. Styret med fleire nytta delar av dagen til førebuing både i Samfunnshuset og ved flaken. Vi var litt usikre på veiret men vi satsa på at det gjekk bra. Og det gjorde det, med unntak av ein liten skur. Parkeringa var som vanleg eit problem, men det vil det alltid vera der inne. Men stort sett gjekk arrangementet veldig bra, masse folk og mykje liv. I år hadde vi til og med besøk av onkel politi, noko som vi i styret meinte var positivt for arrangementet sin del.

Vi fekk rydda det meste laurdagskveld, men noko måtte vi rydda søndag.

Spelemannsfesten 30.08.03

I år vart spelemannsfesten avlyst grunna omstenda ved leiteaksjonen ved Storefjorden. Dette meinte spelemannslaget og styret i ungdomslaget var det rette å gjera. Jan Eggum var villig til å gå ned ein del i pris, og han snudde på Anda flyplass. Problemet med dette var å nå ut til folk at festen var avlyst, men vi trur det gjekk bra.

Kurs i folkedans, november

Vi fekk forespørsel frå idrettsskulen om vi ville vera medarrangør på eit dansekurs i folkedans, der Ingrid Søyland var instruktør. Kurset var gratis for dei som deltok medan HUL og idrettsskulen betalte. Planen med at vi var medarrangør var at det då var enklare å få med folk over idrettsskulealder. Kurset gjekk bra, hadde ca 25 deltakarar og gjekk over fire kveldar. Inntrykka vi har fått er at ungane likte seg veldig godt, og samarbeidet var òg veldig bra.

Romjulsfesten 30.12.03

I år hadde vi på nytt god kontroll på programmet, hadde planar og hadde skrive mykje, men som vanleg vert øving og den siste skrivinga utsett heilt til siste slutt. Vi hadde ganske store problem med å få folk til å stille på scena, dette er noko som vert vanskelegare år etter år. Ei stor takk til alle som stiller fast her. I år vart eine sketsjen øvd igjennom for fyrste gong medan publikum kom inn i salen, noko som eg i allfall syns er i seinaste laget. Men uansett var programmet veldig bra og vi har fått veldig myke skryt. C.B.S. BAND spelte til dans i samfunnshuset.


Eitt av dei friskare innslaga var ein heimesnikra sketsj som harsellerte vilt over ein nokså vanleg jaktdag på Hope.

Logokonkurransen

I løpet av året har vi i hatt ein logokonkurranse gåande, vi prøvde fyrst med ein frist, men fekk inn forslag i frå få personar, til tross for at veldig mange hadde snakka om at dei ville senda inn. Men dei som hadde sendt inn, hadde sendt inn fleire samstundes. Men for å gje etternølararne ein sjanse til sette vi ut fristen i to veker, men det kom likevel ikkje inn frå fleire forslag. Vi i styret valde ut den vi meinte var best, dette var klart før sommaren. Så var det kva vi skulle gjera med denne logoen, og vi har no fått tak i koppar med logoen på til alle medlemmane våre, som vi skal dela ut. Logokunkurransen vart offentleggjort på romjulsfesten. Vinnaren var Judit Aa.

Innkjøp

Til friluftshelga kjøpte vi inn to partytelt som gjekk på friluftshelga, og sidan det er friluftshelga som har betalt dei har styret vorte einige om at dei er til gratis utlån for bygda. Dessutan har Eldar og Tone gitt HUL oskebeger som vi har til ulike tilstellingar. Desse står på kjøkkenet i samfunnshuset. Tusen takk til Tone og Eldar!

Hyen Ungdomslag er eit veldig aktivt lag i bygda. Stort sett har vi hatt eit godt år og vi i styret er godt nøgde med det. Vi har oftast ikkje problem med å få hjelp i frå bygda, folk stiller alltid på med kaker eller anna. Største problemet er å få folk til å stille på scena, noko som vert vanskelegare kvart år.

Styret