|

Årsmelding
Hyen Ungdomslag 2002
Styret har vore :
Leiar: Jon
Martin Rønnekleiv
Nestleiar: Odd Helge Mjellem Tonheim
Kasserar: Elin Karin Hope
Skrivar: Lillian Holme
Styremedlem: Marit Straume
Vara:
2. Magni Aa
Aktivitetar og Arrangement 2002
Årsmøtet 01.02.02
Vi kan ikkje skryte av at det var mange som deltok på møtet, men vi vel å
tru det var fordi det kolliderte med jubileet til Røde kors. Ikkje at folk trur
vi held keisame møter, for det gjer vi så absolutt ikkje.
17. Mai

Det gror godt i
Spelemannslaget no. Her spelar ein pen bukett framtidshåp m.a. "Fagert er
landet".
17. Mai som vi er så gla i, i arbeid vi har frå morgon til kveld. Vi byrja
dagen med kafédrift i samfunnshuset. Som leiande i Hyen på lyd, var det vi som
ordna lyden i Lunden. På kvelden arrangerte vi i samarbeid med Skulekorpset
bygdekveld. Programmet var variert, og det var spesielt kjekt at skuleelevane
deltok så mykje som dei gjorde. Kvelden vart avslutta med dans der Hyen
Spelemannslag spela.
Friluftshelga
Torsdagskvelden hadde vi dugnad der vi snudde sanden i sandvolleyballbana og
slo graset rundt ho. Deretter gjekk turen til Høgdene der vi laga bål og ti
nye benkar. Det vart seint på kveld før vi vart ferdige, men det såg ikkje ut
til at nokon tok skade av det.
Sandvolleyballturneringa var eit vellukka arrangement. Det kunne sjå ut som
om det hadde ryktast heilt inn på Sandane, at folk som ikkje fekk med seg 2001
turneringa, hadde gått glipp av noko stort her i "vesle" Hyen.

Flakedans på
Fullskjegga til musikk av Hyen Spelemannslag. Alle foto: Magnar Heimset
På Høgdene var alt lagt til rette for at vi skulle få ein framifrå kveld,
med fint vær og god stemning. Våre trufaste spelemenn og kvinner i
spelemannslaget spelte til dans, og lydteknikken i bua stod for pausemusikk, og
tok over når spelemannslaget pakka i hop. Matsalet gikk godt på begge
tilstellingane takka vere gode kokkar og servitørar.
Spelemannsfesten
31. august var vi klar igjen med eit storarrangement. I samarbeid med Hyen
Spelemannslag fekk vi tak i aktørar som Ottar Big Hand Johansen, Eid
Spelemannslag, Elin Grytting, Judit Vesterheim, Svein Hjellbakk og Hyen
Spelemannslag. Dei fekk folk i god stemning, og det var berre "vellåte"
å høyra.
Ole Johannes Øvretveit
Seint ein søndags kveld fekk eg telefon frå Ole Johannes, som hadde lyst
til å opptre i Hyen. Vi i styret kunne ikkje seie nei til eit slikt tilbod. Så
laurdag 23. november braka det laust, men kvar var tilskodarane? Jo dei sat
heime og ikkje hadde lese plakatane, som heng overalt. Dei få heldige som hadde
møtt opp fekk vere med på ein uforgløymeleg kveld med mykje humor.
Romjulsfesten

Eitt av dei friskare
innslaga var eit dansenummer av frodige (og modige) "ballera-ar" som
verkelg greidde å setje publikum i den rette stemninga. Frå venstre: Odd
Helge, Jon og Bertel Oddne.
Dette er absolutt den festen vi har hatt minst kontroll med, endå det er
storsatsinga til ungdomslaget, siste sketsj var ferdig skriven to timar før
sceneteppet gikk opp. Vi vil takke alle medhjelparane for at festen vart
vellukka. Handelans Trio spelte til dans.
Diskotek
Vi har hatt 2 diskotek i år. Det kunne godt ha vore fleire, men etterspørselen
har vore liten.
Utførte oppgåver
Lydannlegget i Gymsalen
Det har vore mykje fram og tilbake for å få dette på
plass, litt innkøyringsvanskar har det òg vore. Men no er det oppe og går.
Beising av danseflaken
I år greidde vi endeleg å somla oss til denne beisinga. Med god hjelp fekk
vi på eit strøk. No gjenstår berre utedoen.
Juletre
Ungdomslaget fekk ei gran av Dag Bakketun, som vi fekk flytta ved hjelp av
Rasmus Gjengedal, Eilev Otto Rønnekleiv og Rønnekleiv Mini Gravar til plenen
nedan for Gymbygget. No gjenstår det å sjå om den trivast der. Takk for
hjelpa!
Ungdomslaget takkar alle som har vore med å gjort det muleg for laget å ha
ein god aktivitet. Det er veldig kjekt å sjå at det er mange som stiller på når
vi har dugnad.
Styret
|