Styret 2002 :

Leiar: Jon Rønnekleiv

Nest leiar: Odd Helge Mjellem Tonheim

Kasserar: Elin Karin Hope

Styre medlem: Marit Straume

Skrivar: Lillian Holme

1.vara: Steffen Birkeland Hope

2. vara: Magni Aa

Året 2001 var eit særdeles godt år for Hyen Ungdomslag, av aktivitetar i året som gjekk kan vi nemne:

- 100 års jubileum: Januar 2001 hadde vi ei storslagen feiring av eit 100 årsgammalt ungdomslag. Vi hadde invitert tidlegare formenn og feira med underhaldning og dans.

- 17.mai: Blei feira på tradisjonelt vis, der ungdomslaget hadde ansvar for kafédrift i samfunnshuset på dagtid, og i samarbeid med skulekorpset lagde vi til underhaldning i gymnastikksalen på kveldstid.

- Friluftshelga: Der lagde vi i stand sandvolleyball turnering fredagskvelden og flakedans laurdagskvelden der vi har sal av grillmat. I høve årets friluftshelga lagde vi i stand sandvolleyballbana der vi hadde hjelp av gode støttespelarar både små og stor var med å deltok i dei mange dugnadstimane vi hadde på vår - sommar parten.


Sandvolleyballkamp mellom "Ladies and The Dukes" t.v. og "Eljasane"?.

- Spelemannsfesten: Som i år vart ein stor suksess med fleir kjende artistar (Åge Aleksandersen, Føgl (Sigrid Terese Moldestad, Liv Merete Kroken) der ungdomslaget har eit nært samarbeid med spelemannslaget for å få i stand denne festen.


Åge Aleksandersen var hovudattraksjon på spelemannsfesten 2001. Foto: Firda Tidend

- Kurs hausten 2001: I haust arrangerte vi både gammaldans kurs med Ingrid Søyland som instruktør og swing kurs med Hans Otto Holme som instruktør for mange flittige kursdeltakara.

DET ER BERRE Å FORTSETTE Å ØVE!!!


Hyen ungdomslag arrangerte i haust gammaldanskurs, og som de ser på bildet hadde vi godt oppmøte.

Så de e bere å øve, øving gjer meister!

- Romjulsfesten: I desember arrangerte vi den årlege romjulsfesten som det kunn er ungdomane i bygda som står for, der vi byr på eit variert og godt program som i år var det meste av programmet sjølv skrevet.

SJØLV GJORT ER VELGJORT!!!

Som de sikkert har fått med dokke har det i det siste vore ein del skriving i avisene om aktiviteten i ein del ungdomslag her i fylket, og i Gloppen kommune.

Hyen ungdomslag ynskjer då å presisere at vi er både eit ungt og svært oppegåande ungdomslag (viser då til aktivitetar vi hadde i fjord! )

og vi ynskjer å vere like aktive i åra som kjem!!!

Noko vi har lyst å skryte av, er at ungdomen i bygda er svært villige til å vere med å hjelpe til når ungdomslaget skal arrangere tilstelling av ulik art, det kan vere alt frå bygge planar (som flaken i Gjengdals marka, sandvolleyballbana) eller revy/sketsjar til 17 mai og til romjulsfesten i tillegg til aktivitetane vi har i friluftshelga.

Om nokon har ynskjer eller idear til aktivitetar som ungdomslaget kan drive med og gripe fatt i, er vi veldig mottaklege for forslag. Då er det berre å ta kontakt med ein av oss i styret.

Styret i Hyen Ungdomslag.