Hyen Idrettslag

Tillitsvalde i Hil 2005 >>>

Årsmelding skigruppa >>>     Årsmelding fotballgruppa >>>     Årsmelding trimgruppa >>>

Årsmelding arbeidsutvalet 2004:

3.  MØTE OG TILSTELLINGAR

3.1  Møte

Arbeidsutvalet har hatt 7 møte, og det har vore handsama 25 saker. Gruppeleiarane eller andre frå gruppene har vore med på 3 av desse møta. Det har vore eit foreldremøte, der foreldra til aldersgruppa 10 – 16 år var inviterte.

3.2    Arrangement  -  tiltak

Trimfesten (Gubbane)                                           kr          13 703 Idrettsbasaren                                                       kr          44 011
Countryfestival  -  Breim  (Ryddekomite)               kr          36 774 Friluftshelga                                                           kr             4094                                             
HIL  -  kalenderen                                          ca.  kr           12 000

3.2    Dei største utgiftspostane

Betalte kontingentar                                                kr            26 220 Startpengar                                                             kr            16 370 Reiseutgifter                                                            kr            65 066
Kjøp av premiar                                                      kr            21 282
Kjøp av utstyr                                                          kr            39 651
Reinhald                                                                   kr            18 620 Straum                                                                      kr              8 858
Løypemaskiner, vedlikehald                                       kr            13 490 Bensin/Diesel                                                             kr              9 299
Norway Cup                                                             kr            17 503

3.4  Friluftshelga   22. – 25. juli

Friluftshelga starta alt på torsdagen. Då hadde idrettslaget ansvaret for turen frå Røyrvika til Røyrvikstøylen og Storefjellet med utsikt over Hyefjorden og sentrum.  Om lag 40 personar var med på turen som gjekk i fint ver. Anton Aa og Torvald Støylen var turleiarar.

Fredags kvelden var det igjen duka for storkamp i fotball mellom STIL og Hyen. Sjølv om veret ikkje var det aller beste, var publikumstalet om lag 200. Dei kunne kose seg med grillmat og vafler, brus og kaffi -  i tillegg til dei mange scoringane. STIL vann til slutt 7  -  2.

På laurdagen var det tid for å prøve noko nytt: Triatlon på Høgdene stod på programmet etter at det meste av aktivitetane i sentrum var over. Ei stor folkemengd møtte opp ved Friluftsleiren for å sjå dei vel 20 deltakarane gjennomføre symjing, sykling og terrengløp i området Fullskjegga-Røyrvika-Heimseta. Ikkje uventa vart Benedikte vinnar i dameklassa, og Roger tok ein suveren fyrsteplass blant herrane. Fint ver under arrangementet.

På trimturen søndag etter gudstenesta på Hopsstøylen var det fuktigare. Om lag 15 personar var med på turen langs gamlevegen til Kjerringbakken, ein omveg langs vatnet til Skilbreia, for så å ende opp i Friluftsleiren på Høgdene.

3.5    Ski i skulen

For tredje året på rad kom vi med i prosjektet ”Ski i skulen”. Gjennomføringa av opplegget var som dei føregåande åra. Skikrinsen dekka utgiftene til transport og instruktørar, og skigruppa preparerte aktivitetsområdet og skaffa instruktørar. Opplegget gjekk over 5 veker,

4 halve skuledagar på Høgdene og ein heil dag i Gjengedalsmarka. Både Hyen skule og Vestre Hyen skule var med. Det er stor interesse for dette tiltaket.

4.  Saker     

4.1    Idrettsplassen

Arbeidet  med forlenging av fotballbana og flytting av kastringane er no ferdig. Men her er det nok andre ting som ein kan/bør gripe fatt i med det fyrste.Rødstubbdekket på løpebana er svært tynt, og spørsmålet om ein skal gjere noko meir med dekket på fotballbana har og meldt seg.

4.2  Lysløypa på Høgdene/Leikebakken

Arbeidet med leikebakken (nærmiljøanlegg) er no ferdig. Anlegget var kostnadsrekna til

140 000 kroner. Vi ventar no på godkjenning av anlegg og rekneskap slik at vi kan få utbetalt 70 000 kroner i tilskot. Pengane er bevilga og kan utbetalast straks godkjenningane er klare.

I haust var det også vedlikehald på lysløypetraseen. Det har vore finplanering med brøyt, og skuleelevane har rydda vekk småvegetasjon. Ein kan såleis halde anlegget ope med mindre snømengder enn tidlegare år. Det har også vore laga nye bruer og stikkrenner.

5.  Medlemstal

Medlemstalet i laget  er stabilt. I år har vi 340 medlemer , og fordelinga på dei ulike aldersgruppene er slik:

J    0  -  5 år               5                                G  0  -  5 år      10
J    6  - 12 år            28                                G  6  - 12 år     24
J  13 – 19 år             26                                G 13 – 19 år    20
K 20 – 25 år            13                                M 20 – 25 år    23
K 26 - >   år             79                                M 26 - > år    112

Medlemskontingenten er:

Familie             :  200 kr
17 år og eldre   :  100 kr
Under 17 år      :    50 kr

Medlemskontingenten har ikkje vore endre dei siste åra. Summen for innbetalte medlemspengar dette året er 21 400 kroner. Dette er ein viktig del av idrettslaget sine inntekter, og vi er glade for at så mange vil betale kontingenten.

6.  REPRESENTASJON/UTDANNING

6.1    Avgjevne tillitsvalde

Kurt Djupvik var leiar i langrennskomiteen i Sogn og Fjordane Skikrins fram til skitinget i mai. Han hadde då sagt frå seg attval.

No er han leiar i eit utval under langrennskomiteen i Norges Skiforbund som arbeider med omorganisering av Ski-Noreg. Det går på krinsar m.v..

Rigmor Hafstad Gjengedal er varamedlem i Gloppen Idrettsråd.

Andre stillingar

Morten Aa Djupvik er inne i andre året som trenar på rekrutteringslandslaget i langrenn.

6.2    Krinsting/kurs/m.m.

Skitinget i Hornindal 5. – 6. juni hadde desse utsendingane frå vårt lag: Kurt Djupvik,Benedikte Aa og Tor Øyvin Aa.

Haustmøtet i Skikrinsen på Skei 8. november:

Deltakarar her var Kurt Djupvik, Tor Øyvin Aa, Nils Ommedal og Erling Gjengedal.

Utmerkingar

På skikrinstinget fekk Kurt Djupvik Skikrinsen sitt heidersmerke, og Benedikte Aa fekk Skikrinsen sin talentpris.

Rokonkurranse  -  Sandanedagane

Arnulf Aa stilte med ny makker i årets konkurranse, Roger Aa Djupvik. Dei fekk 3.plass, og idrettslaget ein premie på 2000 kroner.

7.  SÆRFORBUND

7.1    Hyen Idrettslag er tilslutta desse særforbunda:

a)  Norges Friidrettsforbund/Sogn og Fjordane Friidrettskrins

b)  Norges Skiforbund/Sogn og Fjordane Skikrins

c)  Norges Fotballforbund/Sogn og Fjordane Fotballkrets

d)  Norges Funksjonshemmedes Idrettsforbund

7.2    Medlemstal i gruppene

Gruppe

J

0-5

G

0-5

 

J

6-12

G

6-12

J

13-19

G

13-19

K

20-25

M

20-25

K

26-

M

26-

Sum

Fotball

0

0

16

15

15

20

3

12

21

30

132

Friidr.

0

0

20

20

18

17

6

14

18

46

159

Ski

0

0

20

20

18

17

6

6

20

50

157

Trim

0

0

12

13

17

14

9

9

52

56

182

Idr.sk.

5

10

26

22

2

2

2

1

15

10

95

Handic.

0

0

0

0

3

0

1

2

4

2

12

8.  STEMNE, KONKURRANSAR, MEISTERSKAP, REKORDAR

For dette punktet viser vi til årsmeldingar frå gruppene, men vi trekkjer likevel fram nokre enkeltutøvarar med særskilt gode resultat. Kristine Gjengedal har igjen gjort det svært godt i friidrett. I kastøvingane har ho følgjande resultat: Slegge: 45.48 – 1232 p, Diskos: 39.62 – 1099 p, Kule:11.18 – 1006 p. Dette plasserer henne mellom dei beste i landet i 14-årsklassa.

Øystein Aa har sett to lagsrekordar dette året: Høgde: 1.91 og høgde u.t.: 1.53.

Kai Arne Aa var også nær høgderekorden med 1.90 som besteresultat. På same nivå ligg ogsa Jon Bjarne Hope sitt resultat på 100 m: 11.42. På ski har Benedikte Aa og

Roger Aa Djupvik oppnådd svært gode resultat gjennom sesongen. Benedikte fekk 9.plass samanlagt i Norges-cupen, og hadde ein 4. plass i sprint som beste enkeltresultat. På krinsmeisterskapen var ho beste dameløpar uansett klasse.Ho har også vore på juniorkrinslaget i fotball. Roger fekk si beste plassering på ”jaktstarten” i NM med ein 8. plass. Vi hugsar og godt NM-stafetten der Fjellhug/Vereide – Hyen  låg i teten etter at Oddbjørn og Roger hadde gått dei to fyrste etappane. Tilslutt vart det 9. plass på stafetten.

Fotballgruppa hadde også ein god sesong: Seniorlaget rykka opp i 5.divisjonen, og tre av dei aldersbestemte lag spelte om KM-tittel. (-  Men ingen av dei vart krinsmeistrar.)

9.  MOTTEKNE MIDLAR

9.1  Sponsor/gåver

Sparebanken Sogn og Fjordane  (sponsor)                         kr           8 000  
Sparebanken Sogn og Fjordane  (gåve)                              kr         10 000
Hyen Fisk  (sponsor)                                                          kr           6 000
Hyen Fisk  (Hyesprinten  -  ski)                                          kr           2 000
Hyen Laks  (Hyesprinten  -  ski)                                         kr           2 000
E.E.Rønnekleiv  (sponsor)                                                  kr           5 000
Gjensidige  (sponsor)                                                          kr           6 000
Brødrene Aa  AS  (sponsor)                                               kr         12 000
Brødrene Aa  AS_(Hyesprinten__- __ski)_____________kr_____ 2 000
Sum_________________________________________ kr____53_000

9.2  Tilskot frå Gloppen kommune

Kulturmidlar                                                                             kr         19 800
Oppkøyring av løyper                                                              kr         10 000
Sum                                                                                         kr         29 800

9.3    Andre tilskot

Idrettsforbundet  (Aktivitetsmidlar                                             kr         16 700 Skikrinsen                                                                                kr            5 000
Friidrettsforbundet  (Utstyrsmidlar)                                           kr            2 929
Sum                                                                                         kr          24 629

OPPSUMMERING   2004

Bygda sluttar godt opp om idrettslaget. Om lag 70 prosent av hyarane er medlemer, og meir enn halvparten deltek på ein eller annan fysisk aktivitet som laget legg til rette for. Vi har tre anlegg med flomlys: Idrettsplassen og skianlegga på Høgdene og i Gjengedalen. Her ligg det godt til rette for skiaktivitetar så sant vi har snø, og dei som held oppe desse anlegga gjer ein framifrå jobb. Idrettsplassen er mykje brukt både på dagtid (skulen) og på kveldstid.

Det er ei stor oppgåve idrettslaget har når det gjeld tilrettelegging for fysiske aktivitetar. Her tenkjer ein både på helse/trivsel-aspektet og det å drive med konkurransar på alle nivå.

Årsmeldingane frå gruppene syner at det vert oppnådd mange svært gode resultat. Også dette året har vi fleire lagsrekordar i friidrett, og vi har ungdomar som hevdar seg godt på nasjonalt nivå i fleire idrettar.

I fotball må ein ut om bygda for å spele halvparten av kampane. Det må vere å ønskje at også friidrett og ski får fleire deltakarar på konkurransar innan krinsen. For idrettslaget er det også viktig at hyarane sluttar opp om dei laga ein greier å stable på beina i dei ulike idrettane. Årsklassene er ikkje så store, så her kan det vere kort veg frå stor aktivitet til at mykje går i stå.

TAKK

Det er krevjande å halde oppe ein stor og allsidig aktivitet i idrettslaget. Ein treng mange gode hjelparar som ser verdien av dette arbeidet, både for den enkelte og for bygda.  Styret vil rette stor takk til alle som på ein eller annan måte deltek her.

SPONSORANE

vil vi og takke for den gode støtta. Som det går fram av føregåande side,

får idrettslaget inn 107 429 krone i gåve/sponsorstøtte dette året. Dette er ein stor sum som har mykje å seie for drifta av laget.

Hjarteleg takk til: Sparebanken Sogn og Fjordane, Brødrene Aa AS,

Hyen Fisk, Hyen Laks, E E Rønnekleiv, Gjensidige, Idrettskrinsen, Skikrinsen, Gloppen Idrettsråd og Gloppen kommune

 Arbeidsutvalet