|
ÅRSMELDING TRIMGRUPPA 2003
2003 har vore eit år med god aktivitet i trimgruppa i idrettslaget.
VINTER
Det vart avvikla nokre skitrim-arrangement, så dei fleste fekk teke
skimerket. Men dei som satsa på å ta merket i påska, vart lurde. Då var
nemleg snøen borte.
VÅR – SOMMAR
Vi har også i år hatt ein god tursesong med stor oppslutning.
Kveldsturane er populære, og ein liten regnskvett ser ikkje ut til å skremme
folk frå å gå på tur. I år hadde vi også ein flott søndagstur i terrenget
innafor Storevatnet i Gjengdalsmarka. Mange fekk med seg denne turen, så vi får
prøve å halde fram med søndagsturane – i alle fall ein for året.
Tips om gode turmål vil vi gjerne ha, både for lange og korte turar!
GYMBYGGET
I år er det trim – aktivitetar i gymbygget tre kveldar for veka.
Oppslutninga er svært god.
Dametrim tysdagane, herretrim torsdagane og så fredagstrimmen!
UTMERKINGAR
IDRETTSMERKET
Aud Aasen
Min. statuett gull
Tor Larsen
Min.
statuett gull
Kirsti Meyer Hope
Min. statuett gull
Margret Aa Djupvik
Min. statuett bronse
Sølvi Espeland Hope
Krus
Anton Aa
Krus
SKIMERKET
Torvald Støylen
Skikruset
Bjørg Ommedal
Skistatuett gull
Aud Aasen
Skistatuett sølv
Oddvin Kleppenes
Skistatuett bronse
Her kan det bli litt forandringar, i og med at ikkje alle er ferdige med
merketakinga .
|