ÅRSMELDING SKIGRUPPA 2003

Styret:

Martin J. Ommedal leiar
Kurt Djupvik sekretær
Magnar Heimset løypesjef
Atle Hjelle
Tor Øyvin Aa

 

Den første dagen i år 2003 kom snøen for alvor og nok til skigåing i lysløypa, og sidan var der for det meste fine tilhøve til i slutten av mars. I ein periode var det mangel på snø i fleire skianlegg i distriktet, og då var lysløypa på Fullskjegga flittig brukt av skientusiastar også utanfrå Hyen.

Som i fleire år no er det Roger Aa Djupvik og Benedikte Aa som har markert seg sterkast i konkurransar, men også Marlin Aa har mange fine resultat.

Roger imponerte stort på NM i stafett der han veksla som nr. 1 etter å ha gått frå sjølvaste Tor Arne Hetland på 2. etappe.

Benedikte var også denne sesongen suveren i sin klasse på krinsplan. Ho vart og vestlandsmeister. På Hovudlandsrennet vart det ein 5.plass på 5 km klassisk og 8.plass i sprint. At ho truleg kjem enno sterkare i sesongen 03-04 syner klassesiger i BUL-sprinten og ein 8.plass totalt i konkurranse med alle juniorløparane. Ho slo mellom andre to som er med på landslaget.

Marlin hadde stor framgang siste sesong og vart m.a. krinsmeister på 3 km friteknikk. I Ungdommens Holmenkollrenn vart det premieplass i begge stilartane.

Det bør og nemnast at superveteranane Anton Aa, Oddvin Kleppenes og Erik Hope også i år vann klassen sin i KM stafett som gjekk på Utvikfjellet.

Skigruppa takkar for god innsats av dei fine representantane for laget og bygda. Lukke til vidare!

Hyesprinten 22. februar vart ein vellukka dag med heile 129 deltakarar i strålande ver, fine spor og godt føre. Hjarteleg takk til den veltrimma funksjonærstaben for framifrå arbeid denne gongen og.

Karusellrenna hadde god deltaking også denne sesongen, i snitt 64 deltakarar på kvart renn. Borna er svært flinke til å møte opp, og vi oppmodar fleire vaksne til å vere med på desse uhøgtidelege renna i triveleg fellesskap. Varm takk til foreldre og idrettsskulen for all hjelpa under desse renna.

Stafett med miksa lag av jenter og gutar hadde vi i år og. Stor innsats av 56 born som var med. Neste gong prøvar vi eit anna opplegg som tek mindre tid. Ein del ”gamlekara” hadde mykje moro på ein sprintstafett litt seinare same kvelden.

Lagsmeisterskap kort løype vart lagt inn i karusellrennet 5. mars. I alt 62 løparar deltok på eit rekordstort lagsmeisterskap. Takk til idrettsskulen og foreldre som også denne kvelden serverte bollar og saft. Lagsmeisterskap lang løype måtte avlysast på grunn av snømangel.

Aktivitetar på Skisportens dag vart avlyst på grunn av dårleg ver.

Hyen skule og Hyen IL fekk også denne vinteren prosjektet “Ski i skulen”. Det vart sju samlingar på Fullskjegga og ein skidag i Gjengedalsmarka. Eit godt tiltak som vi vonar å få til fleire gonger. Takk til skulen for godt samarbeid.

Birkebeinarrennet var i år 22. mars med  15 deltakarar frå Hyen (sjå resultatliste). For fyrste gong hadde Hyen deltakar i kvinneklasse, Brita Hope som gjekk eit sterkt løp. Enno ein gong ein kjempefin tur. Rennet vart vel heller slitsamt på litt trått føre og delvis dårlege spor

Takk til vår stødige sjåfør Jan Harald Pedersen.

Anlegg: Lysløypa i Gjengedal som no er ferdig, vonar vi vert mykje brukt som eit verdfullt supplement og alternativ til anlegget på Fullskjegga.

Opparbeiding av den lenge planlagde skileikebakken ved lysløypa på Fullskjegga vart sett i gong fyrst i desember. Vert ikkje veret altfor ulagleg, er det godt håp om at anlegget kan vere ferdig til nyttår.

Fagmøte – langrenn vart halde på Skei 10. november. Frå Hyen møtte

Tor Øyvin Aa, Nils Ommedal og Kurt Djupvik.

Erling Gjengedal var med på trenarkurs i Sogndal.

Skigruppa takkar alle som på ulike måtar hjelpte til i sesongen 2002/2003. Utan god hjelp frå mange, så rakk vi ikkje langt. Takk til løypemannskapa for stor og velvilleg innsats på Fullskjegga og i Gjengedalsmarka. Vi vonar at enno fleire vil nytte dei gode tilhøva for skiaktivitet som vi er så heldige å ha i bygda. Lukke til med ein ny vinter!