Hyen Idrettslag

Tillitsvalde i Hil 2004 >>>

Årsmelding skigruppa >>>     Årsmelding fotballgruppa >>>     Årsmelding trimgruppa >>>

Årsmelding arbeidsutvalet 2003:

3. MØTE OG TILSTELLINGAR

3.1 Møte

Arbeidsutvalet har hatt 7 møte, og det har vore handsama 21 saker. Gruppeleiarane eller andre frå gruppene har vore med på 3 av desse møta.

3.2 Arrangement  -  tiltak                                                            Overskot

Trimfesten  (Damene)                                                             kr        16 675

Idrettsbasaren                                                                         kr        47 842

Fotballkampar                                                                         kr          5 852

Countryfestival  -  Breim  (Ryddekomite)                                 kr        32 414

Friluftshelga                                                                             kr          5 500

HIL – kalenderen                                                             ca    kr        12 000

3.2 Dei største utgiftspostane

Betalte kontingentar                                                                  kr        21 080

Startpengar                                                                              kr        17 770 

Reiseutgifter                                                                             kr         56 116

Kjøp av premiar                                                                     kr         16 853

Kjøp av utstyr                                                                         kr         16 033

Reinhald                                                                                  kr         21 150

Straum, lysanlegg                                                                     kr         15 001

Løypemaskiner, vedlikehald                                                     kr              572

Norway Cup                                                                           kr         17 503                                                                       

Beltevogner                                                                              kr         30 684   

3.4 Friluftshelga  25. – 27. juli

Som tidlegare år hadde idrettslaget ansvaret for fotballkampen fredagskvelden og fjellturane laurdag og søndag.

Fotballkampen mellom Hyen og STIL sitt A-lag samla svært mykje folk, og det var eit underhaldane oppgjer. Heimelaget greidde seg godt i starten, men så rakna det utover i andreomgangen, og til slutt vann gjestane fortent 7 - 2.  Under kampen vart det servert grillmat og nysteikte vafler, kaffi og brus.

Fjellturane gjekk som planlagt sjølv om veret kunne synast litt grått om laurdagsmorgonen. Knapt 20 personar gjekk turen frå Eimhjella om Gamlestøylen – Vindalsvatnet – Gjengedalskaret og til Friluftsleiren på Aa-støylen. Ei lett regnbyge oppe på fjellet kunne ikkje hindre at det vart ein fin tur. Jakob Holme Eimhjellen og Matias Hope var turleiarar. 

Søndag etter gudstenesta på Aa-støyelen var det stor utflukt til Dalen/Dalelia og Pettersen-hytta ved Storevatnet. 50-60 personar starta opp i strålande ver, og ein kunne velje mellom råsa langs Dalevatnet og den ”tøffe” turen gjennom Risbotnen. Då dei siste var framme, kom regnet for fullt. Anton Aa og Rasmus Ommedal var turleiarar

3.5 Ski i skulen

Også dette året kom vi med i prosjektet ”Ski i skulen”. Skigruppa saman med Skikrinsen og Hyen skule stod for gjennomføringa.  Krinsen dekka utgiftene til transport og instruktørar, og gruppa preparerte aktivitetsområdet og skaffa instruktørane. Alle elevane frå 3.–9. kl. deltok. I tidsrommet frå januar til mars vart det brukt 7 halve skuledagar. Den siste dagen i Gjengedalsmarka lurte våren oss på. Tiltaket var svært vellukka, og vi håpar på liknande tilbod seinare også.

4. SAKER

4.1 Idrettsplassen 

Det er no støypt nye kastringar for slegge/diskos og kule. Resten av dette arbeidet, med den etterfølgjande forlenginga av fotballbana,får vi truleg gjort til våren.

4.3 Lysløypa på Høgdene/leikebakken

Arbeidet med leikebakken er i full gong, og det er sendt fornya søknad om tilskot til nærmiljøanlegg. Kalkylen er på 140 000 kroner.

Lysløype (Nærmiljøanlegg) i Gjengedal

Dette anlegget har no fått ferdigattest frå kommunen, og tilskotet på 40 000 kr vert utbetalt med det fyrste.

5. MEDLEMSTAL

Medlemstalet i laget er stabilt. I år er det 336 som fordeler seg slik på dei ulike aldersgruppene:

J  0 -   5 år              8                                G  0 -  5 år          12

J    6 - 12 år            20                                G  6 - 12 år         24

J  13 - 19 år            27                                G 13 - 19 år        21

K 20 - 25 år           10                                M 20 - 25 år        19

K 26 +                    80                               M  26 +              115

Medlemskontingenten har ikkje vore endra dei siste åra:

Familie:                         200 kr

17 år og eldre:              100 kr

Under 17 år:                   50 kr

Medlemspengane er ein viktig del av idrettslaget sine inntekter, og vi er glade for at så mange vil betale kontingenten. I år kom det inn  21.900 kr som er i overkant av fjorårssummen. Høgt medlemstal kan også på andre måtar verke positivt inn på økonomien i laget.               

6. REPRESENTASJON/UTDANNING

6.1 Avgjevne tillitsvalde

Kurt Djupvik er leiar i langrennskomiteen i i Sogn og Fjordane Skikrins.

Rigmor Hafstad Gjengedaler varamedlem i Gloppen Idrettsråd.

Andre stillingar m.m.

Morten Aa Djupvik er ny trenar for rekrutteringslandslaget i langrenn. Her er det såleis snakk om eit opprykk etter tre år som trenar for juniorlandslaget. Roger Aa Djupvik fekk ikkje plass på dette laget, men han har likevel vorte utteken til representasjonsoppgåver no på førejulsvinteren. Vi ynskjer lukke til på Skandinavisk Cup og andre store oppgåver.

6.2 Krinsting/kurs/utmerkingar

Friidrettskrinsting i Florø 1. og 2. mars.

Utsendingar her var Jørgen M Holme, Arnulf Aa og Jan Harald Pedersen.

Idrettskrinsting i Førde 4. og 5. april.

Her er det Gloppen Idrettsråd som vel utsendingar, og dei gav plassar til leiarane i dei store  idrettslaga i kommunen. Matias Hope deltok såleis på tinget.

Fotballkretstinget vart halde i Førde 15. og 16. november. Her hadde vi ikkje utsendingar.

Stimuleringssamling/Trenarkurs i Sogndal 17.-18. oktober: Erling Gjengedal var med på kurset.

Haustmøte i Skikrinsen på Skei 10. november:

Deltakarar frå laget vårt var Kurt Djupvik, Tor Øyvin Aa og Nils Ommedal.

Utmerkingar.

Benedikte Aa fekk tildelt STIMULSANSEPRISEN  for Gloppen kommune. Prisen vart utdelt på årsmøtet i Gloppen Idrettsråd 27. februar.

Rokonkurranse – Sandanedagane

For idrettslaget stilte som vanleg Arnulf Aa og Ottar Holme. Dei fekk 2. plass og laget ein premie på 3 000 kroner.

7. SÆRFORBUND

7.1 Hyen Idrettslag er tilslutta desse særforbunda/krinsane:

a)      Norges Friidrettsforbund/Sogn og Fjordane Friidrettskrins

b)      Norges Skiforbund/Sogn og Fjordane Skikrins

c)      Norges Fotballforbund/Sogn og Fjordane Fotballkrets

d)      Norges Funksjonshemmedes Idrettsforbund

7.2 Medlemstal i gruppene

Gruppe

   J       0 – 5

  G 
0– 5

    J
6 – 12

   G
6 – 12

    J 13-19

   G
13-19

   K
20-25

   M
20-25 

   K 26 +   

   M 26 +

Sum

 

Fotball

      0

     0

      10

      10

     16

     18

      3

     12

    21

    30

 120

Friidr.

      0

     0

      16

      18

     15

     17

      6

     14

    18

    46

 150

Ski

      0

     0

      14

      14

     16

     15

      6

       6

    20

    50

 141

Trim

      0

     0

      12

      13

     17

     14

      7

       9

    52

    56   

 180

Idr.sk.

      7

    11

      20

      22

      2

       2  

      2

       1

    15

    10

   92

Handic.

      0

      0

        0 

        0

      3

       0  

      1

       2

      4

      2

   12

8. STEMNE, KONKURRANSAR, MEISTERSKAP, REKORDAR

For dette punktet viser vi til årsmeldingar frå gruppene. Det er likevel grunn til å trekkje fram nokre enkeltutøvarar med særskilt gode resultat. Kristine Gjengedal ligg heilt i landstoppen i kastøvingane i si årsklasse. Ho kan vise til desse resultata: Kule – 3 kg – 11.67 (1058 p), Diskos – 0.6 kg – 39.23 (1123p), Slegge – 2kg – 44.96 (1224p). Det vert svært spennande å følgje utviklinga her.  Øystein Aa har sett ny lagsrekord i høgde med 1.87. Ny lagsrekord vart det og på Roger Aa Djupvik. Han sprang 5000 m på 15.34.79. Roger hugsar vi sjølvsagt også frå NM-stafetten på ski då han tok over etter Oddbjørn Hjelmeset som vann 1.etappen. Roger forsvarte 1.plassen på 2.etappen og gjekk frå Tor Arne Hetland (landslagsløpar) inn til veksling  -  alt dette sendt direkt på fjernsyn. Til slutt fekk Fjellhug/Vereide –Hyen ein respektabel 8. plass i dette sterke selskapet. Benedikte Aa har hevda seg svært godt i fleire idrettar. På Hovudlandsrennet vart det 5. plass i klassisk og ein 8. plass i sprint (skøyting). Ho har også dette året vore kaptein på krinslaget (J16) i fotball. Hyen sitt J16-lag i fotball hadde i det heile ein knall-sesong som er verdt å nemne. Dette er eit 7-arlag som dominerte totalt si klasse i fylket. Dei vart suverene krinsmeistrar og den største prestasjonen: Finalespel i Norway Cup. Etter ein jevn og spennande finale vart det tap med 1 mål mot Koll som dei slo i dei innleiande rundene. 

9. MOTTEKNE MIDLAR

9.1 Sponsor/Gåver

Sparebanken Sogn og Fjordane  (sponsor)                      kr         8 000

Sparebanken Sogn og Fjordane  (gåve)                           kr       10 000

Hyen Fisk   (sponsor)                                                      kr         6 000

Hyen Fisk   (Hyesprinten  -  ski)                                       kr        2 000

Hyen Laks   (Hyesprinten  -  ski)                                       kr         2 000  

E.E.Rønnekleiv  (sponsor)                                                 kr         4 000

Gjensidige  (Gjeld 2002)                                                    kr         5 000

Brødrene Aa AS  (sponsor)                                                kr       12 000

Brødrene Aa AS  (Hyesprinten  -  ski)                                kr         2 000

Gloppen Utvikling__(Sponsor)                                            kr        10 000

Sum sponsor/gåver                                                             kr         61 000

9.2 Tilskot frå Gloppen kommune

Kulturmidlar                                                                         kr         22 400

Oppkøyring, løyper                                                              kr         10 000

Sum tilskot                                                                           kr          32 400

9.3 Tilskot frå Sogn og Fjordane Idrettskrins

Idrettsforbundet, ekstramidlar                                                kr          15 000                        

OPPSUMMERING  2003

Idrettslaget har igjen eit år med stor aktivitet bak seg. Truleg er om lag halvparten av hyarane med på ein eller annan fysisk aktivitet som laget legg til rette for. Og det er eit vidt spekter å velje i: Trimturar til fots, skiaktivitetar på Høgdene og i Gjengedalsmarka, idrettsplassen er velbrukt og  gymbygget er tomleplass alle vekedagar i vinterhalvåret. Det er viktig for idrettslaget å legge til rette slik at det høver både for dei som vil vere med i konkurransar og dei som berre har helse/trivsel-aspektet som eit mål.

Årsmeldingane frå gruppene syner at det vert oppnådd mange svært gode resultat. Her er lagsrekordar i senior-klassa og resultat i landstoppen i dei aldersbestemt klassene i fleire idrettar. Hyarane set nok stor pris på at ungdomar frå bygda hevdar seg så godt som tilfellet er no. Eit mål for idrettslaget må likevel vere å få fleire deltakarar på eit ”krinsnivå”: Dette gjeld særleg i dei gamle ”paradegreinene” ski og friidrett. Her er god deltaking på idretsplassen og i skiløypa på Høgdene, men fleire burde nok delteke på konkurransar utanfor bygda.

Anleggssida er også eit krevjande område for idrettslaget. Lysløypa i Gjengedal er ferdig, på Høgdene er arbeidet med leikebakken i full gang, og på idrettsplassen er forlenginga av fotballbana/nye kastringar kome eit steg vidare. Sjølv om det vert gjeve ein del tilskot til dei fleste av desse anlegga, krevst det mykje både av dugnadsinnsats og kontantar frå laget si side.

TAKK

Idrettslaget er avhengig av mange gode hjelparar for å halde oppe det høge aktivitetsnivået: arrangement, bygging/drift av anlegg, aktivitetar sommar og vinter.  Styret vil rette stor takk til alle som på denne måten hjelper til med å drive idrettslaget!

SPONSORANE vil vi og takke for den gode støtta. Som det går fram av føregåande side, får idrettslaget inn 108 000 kroner i gåve/sponsorstøtte dette året. Dette er ein stor sum som har mykje å seie for drifta av laget.

Hjarteleg takk til: Sparebanken Sogn og Fjordane, Brødrene Aa AS, Hyen Fisk, Hyen Laks, E E Rønnekleiv, Gjensidige, Gloppen Utvikling, Idrettskrinsen, Gloppen Idrettsråd og Gloppen kommune.

 Arbeidsutvalet