ÅRSMELDING TRIMGRUPPA 2002
Også i år held triminteressa i Hyen seg godt oppe. Det er lite fråfall,
og nokre nye kjem til.
VINTER
Det blei avvikla 3-4 ski-trim-arrangement, nokre av dei i samarbeid med
ski-gruppa og idrettsskulen. Skisportens dag blei avvikla på Høgdene. Veret
og føreforholda var fine, så det blei eit flott arrangement med mykje folk.
VÅR-SOMMAR
Vi har hatt ein god tursesong i år med stor oppslutning særleg tidleg på
sesongen. Veret er ikkje heilt avgjerande for oppslutningen, men det er nok
meir freistande å gå på tur i godver enn i ruskever.
Bortsett frå turane i Friluftshelga, hadde vi lagt opp til ein søndagstur.
Vi måtte dessverre endre rutevalet og til slutt også avlyse turen. Det siste
på grunn av veret.
Vi kjem til å halde fram med dei korte turane, men er litt meir i tvil om
vi skal halde fram med søndagsturane.
I alle fall er vi interessert i tips om gode turmål både til lange og
korte turar.
GYMBYGGET
Vi har også i år lagt opp til aktivitetar i gymbygget tre kveldar for
veka. Oppslutningen er svært god med ein topp på fredagstrimmen med over 40
trimmarar eit par gongar!!
UTMERKINGAR
IDRETTSMERKET
Sigrid Ommedal Hederspris
Anna Holme Min. statuett gull
Aslaug Larsen Min. statuett gull
Matias Hope Min. statuett gull
Torbjørn Holme Min. statuett bronse
Arnulv Aa Min. statuett bronse
Edit Aa Min. statuett bronse
Anne Marie Mjellem Statuett
SKIMERKET
Arnfinn Ommedal Norges Skistatuettklubbs Trofe