|
Hyen Idrettslag Årsmelding skigruppa >>> Årsmelding fotballgruppa >>> Årsmelding trimgruppa >>> Årsmelding arbeidsutvalet 2002: 3. MØTE OG TILSTELLINGAR 3.1 Møte Arbeidsutvalet har hatt 7 møte, og det har vore handsama 23 saker. Gruppeleiarane eller andre frå gruppene har vore med på 2 av desse møta. 3.2 Arrangement - tiltak Overskot Trimfesten (Gubbane) kr 5 745 Idrettsbasaren kr 50 579 Fotballkampar kr 6 383 Countryfestival - Breim (Ryddekomite) kr 23 558 Friluftshelga kr 5 837 HIL – kalenderen ca kr 12 000 3.2 Dei største utgiftspostane Betalte kontingentar kr 26 180 Startpengar kr 9 895 Reiseutgifter kr 36 236 Kjøp av premiar kr 17 679 Kjøp av utstyr kr 16 404 Reinhald kr 23 355 Straum, lysanlegg kr 10 825 Løypemaskiner, vedlikehald kr 16 377 Norway Cup kr 10 540 3.4 Friluftshelga Også dette året hadde idrettslaget ansvaret for fotballkampen fredagskvelden og fjellturane laurdag og søndag. Fotballkampen mellom Hyen og STIL sitt A-lag samla svært mykje folk, og det var eit underhaldane oppgjer der gjestane vann fortent 4 - 2. Under kampen vart det servert grillmat og nysteikte vafler, kaffi og brus. Det var brukbart ver, opphald og litt sol, så fjellturane gjekk som planlagt. Jakob Rønnekleiv og Torvald Støylen var vegvisarar på turen Røyrvik-Nautskorklumpen-Røyrvikstøylen-Høgdene, og på den luftige turen gjennom Fjellråsa på nordsida av Hyefjorden var det Ottar Holme som var kjentmann. Det kan også nemnast at det vart arrangert sykkeltur "Hyen rundt". Turen gjekk opp Austredalen til Rønnekleiv - Røyrvik og ned Vestredalen til Straume. Morten Aa Djupvik regulerte farten her. Desse turane gjekk laurdagen. Søndag etter Gudstenesta på Hopsstøylen var det ein kortare utflukt til Heistøylen med Matias Hope som tuleiar. Det var om lag 20 deltakarar på kvar av desse turane. 3.5 Ski i skulen Skigruppa saman med Skikrinsen og Hyen skule gjennomførte prosjektet "Langrenn i skulen". Krinsen dekka utgiftene til transport og instruktørar, og gruppa preparerte aktivitetsområdet og skaffa instruktørane. Alle elevane frå 5.–10. kl. deltok. I tidsrommet frå januar til mars vart det brukt 7 halve skuledagar på Høgdene og 1 heil dag i Gjengedalsmarka. Tiltaket var svært vellukka, og det ser ut til at ein kan få til liknande også det komande året. 4. SAKER 4.1 Lydanlegg og musikkinstrument i Gymbygg/Samfunnshus Det vert arbeidd med tilpassing av lydanlegg i gymsalen. Når dette arbeidet er avslutta, må idrettslaget betale sin del av kostnadene. Her har vi sett ei øvre grense på 10 000 kr. Vi var også med på å kjøpe nytt orgel i dette året, og idrettslaget sin del av desse utgiftene vart dekka av ein konto ein hadde saman med andre lag i bygda. (Nokre felles arrangement.) Frå tidlegare har vi også "aksjar" i eit piano som er plassert her. 4.2 Idrettsplassen Det er kjøpt inn nye tilløpsmatter til høgde, og lengdetilløpet er også retta opp. Vidare er det kjøpt inn utstyr som skal brukast til dei nye kastringane. Støypinga av ringane og flytting av kastburet er ikkje gjort enno. Dette arbeidet må sjåast i samanheng med forlenginga av fotballbana. 4.3 Lysløypa på Høgdene Her har ein fått utvida traseen i bakken opp frå startområdet. Planane for meir permanente instalasjonar i leikebakken er klare. Dette er eit noko omfattande arbeid, og det vert søkt støtte til dette som nærmiljøanlegg. Planane for bru over riksvegen er og under arbeid. Kryssinga av vegen vert i skjeringa ved toppen av Kjerringbakken. Lysløype (Nærmiljøanlegg) i Gjengedal Planane om å bruke Aa-stølsvegen som lysløype let seg ikkje gjennomføre, så det vart difor aktuelt å sjå på eit område nærare busetnaden i Gjengedalen. Blant anna var tilgangen på straum vesentleg betre her. Det er inngått avtale med grunneigarane om gratis bruk av grunn. Erling Gjengedal har vore leiar for anlegget, og han har lagt ned eit ekstra omfattande arbeid. Også her vert det søkt om støtte til nærmiljøanlegg. 5. MEDLEMSTAL Medlemstalet i laget er stabilt. I år er det 340 som fordeler seg slik på dei ulike aldersgruppene: J 0 - 5 år 10 G 0 - 5 år 15 J 6 - 12 år 25 G 6 - 12 år 25 J 13 - 19 år 23 G 13 - 19 år 19 K 20 - 25 år 10 M 20 - 25 år 20 K 26 - 79 M 26 - 114 Medlemskontingenten har ikkje vore endra dei siste åra: Familie: 200 kr 17 år og eldre: 100 kr Under 17 år: 50 kr Medlemspengane er ein viktig del av idrettslaget sine inntekter, og vi er glade for at så mange vil betale kontingenten. I år kom det inn 21 150 kr som er likt med fjoråret. Høgt medlemstal kan også på andre måtar verke positivt inn på økonomien i laget. 6. REPRESENTASJON/UTDANNING 6.1 Avgjevne tillitsvalde Kurt Djupvik er leiar i langrennskomiteen i i Sogn og Fjordane Skikrins. Magni Aa er varamedlem i Gloppen Idrettsråd. Morten Aa Djupvik er trenar for juniorlandslaget i langrenn. Det er tredje året han har denne stillinga. Roger Aa Djupvik er med på Team Hafslund i langrenn. Dette er eit rekrutteringslandslag for lovande løparar i alderen 20 - 25 år. Vi ynskjer lukke til i dei viktige posisjonane! 6.2 Kurs/seminar/ting Leiarmøte i Førde 16. mars: Matias Hope deltok på møtet. Skiting i Sogndal 24.-25. mai: Utsendingar her var Martin J Ommedal og Magnar Heimset. Martin J Ommedal fekk tildelt skikrinsen sitt heidersmerke for innsatsen sin for skiidretten. Kurs i barneidrett i Sogndal 14. september: Deltakarar frå laget vårt var Marit Straume og Anne Kristin Rønnekleiv. Fagmøte, langrenn på Skei 31. oktober Her var vi godt representert med 11 deltakarar. Morten Aa Djupvik snakka om trening, og Per Knut Åland tok føre seg stell av ski. 7. SÆRFORBUND 7.1 Hyen Idrettslag er tilslutta desse særforbunda/krinsane:
7.2 Medlemstal i gruppene
8. STEMNE, KONKURRANSAR, MEISTERSKAP, REKORDAR For dette punktet viser vi til årsmeldingar frå gruppene. Vi vil likevel trekkje fram nokre unge utøvarar med ekstra gode resultat. Roger Aa Djupvik har NM-medalje både i friidret og langrenn. Under Jun-NM på Lillehammer vart det bronsemedalje på 3000 m hinder med tida 9.30.07. Dette er ny lagsrekord. I NM for ungdom opp til 23 år (Molde) fekk Roger sølvmedalje på 15 km klassisk. Men best hugsar vi vel likevel stafetten under Sen-NM på ski der han låg i tet på 2. etappe og heldt følgje med Frode Estil nesten heilt til veksling. Kai Arne Aa har også sett ny lagsrekord: 1.86 m i høgde. Even Rønnekleiv har også i år svært gode resultat på 200 m, 400 m og 800 m. Benedikte Aa er framleis mellom dei beste langrennsløparane i landet i si årsklasse. Under Hovudlandsrennet vart det (trass sjukdom) ein flott 6.plass i fristil. Benedikte er også kaptein på krinslaget i fotball for J 16. Kristine Gjengedal har det beste resultatet etter Tyrvingtabellen. 11.04 med kule 2 kg gjev 1036 p. 9. MOTTEKNE MIDLAR 9.1 Sponsor/Gåver Sparebanken Sogn og Fjordane (sponsor) kr 8 000 Sparebanken Sogn og Fjordane (gåve) kr 10 000 Hyen Fisk (sponsor) kr 6 000 Hyen Fisk (Hyesprinten - ski) kr 2 000 Hyen Laks (Hyesprinten - ski) kr 2 000 E.E.Rønnekleiv (sponsor) kr 4 000 Gjensidige (Gjeld 2001) kr 5 000 Brødrene Aa AS (sponsor) kr 12 000 Brødrene Aa AS (Hyesprinten - ski) kr 2 000 Sum sponsor/gåver kr 51 000 9.2 Tilskot frå Gloppen kommune Kulturmidlar kr 23 000 Oppkøyring, løyper kr 10 000 Sum tilskot kr 33 000 9.3 Tilskot frå Sogn og Fjordane Idrettskrins Idrettsforbundet, ekstramidlar kr 18 250 OPPSUMMERING 2002 Også dette året har det vore stor aktivitet i idrettslaget. Dette gjeld for alle grupperingar frå dei yngste på småbarnsbading og idrettsskule til dei med lang "fartstid" på Dametrimmen og Gubbetrimmen. Det er også verdt å legge merke til at fleire av aktivitetane/treningane (t.d. Fredagstrimmen og Måndagstreninga) samlar folk i alder frå skuleelevar til pensjonistar til felles fysisk utfalding. Aktiviteten føregår sjølvsagt også i stor grad utandørs. Idrettsplassen står sentralt både for leik, trening og konkurranse. Fire fotball-lag har vore med i seriespel i år, og på friidrettsstemna har det også vore godt oppmøte - særleg blant dei yngste. Vi har nokre enkeltutøvarar som oppnår svært gode resultat og plasseringar, men sjølvsagt kunne vi ønskje at breidda blant "folk i sin beste alder" var større i konkurransesamanheng. Når vergudane ikkje sviktar oss, har vi svært gode tilhøve for skigåing, og folk er flinke til å kome seg ut i løypene. Karusellrenna samlar dei fleste i dei yngre årsklassene, men også her avtar det oppover i tenåra. Samarbeidsprosjektet "Langrenn i skulen" var eit fint tiltak som vert ført vidare neste år. Kanskje kan dette vere med på å halde oppe breidda (og få fram fleire toppar). Å drive eit idrettslag er krevjande for mange personar, og vi har nok av oppgåver i tida framover. På anleggssida har den største innsatsen vore knytta til skiløypa (nærmiljanlegg) i Gjengedal, og dette anlegget reknar vi med å få avslutta tidleg i 2003. Idrettsplassen og skianlegget på Høgdene ventar også på vidare opprusting. Delvis er vi i gang med dette. Vi som sit i styret vil takke for det omfattande dugnadsarbeidet som vert gjort gjennom året og for den velviljen vi møter frå bygdafolket i spørsmål om hjelp av ulike slag. Vi vil også takke sponsorane våre, Gloppen Idrettsråd og Gloppen kommune, Idrettskrinsen for økonomisk støtte og godt samarbeid . TAKK TIL ALLE - GODT NYTTÅR ÅRSMØTE Årsmøtet i Hyen Idrettslag vert halde fredag 10. januar 2003 kl. 20.00i Samfunnshuset. SAKLISTE 1 . Opning 2 . Val av møteleiar, sekretær og to til å skrive under møteboka. 3 . Godkjenning av årmelding frå arbeidsutvalet og gruppene. 4 . Godkjenning av rekneskap for 2002. 5 . Budsjett for 2003. 6 . Drøfte medlemskontingenten. 7 . Saker:
8 . Val. 9 . Kaffipause når det høver. Vi ynskjer alle velkone til årsmøtet. Arbeidsutvalet |