Årsmøte i Hyen Utviklingslag 2002

vart halde onsdag 16.januar kl. 20.00 i lesesalen på Hyen skule  med omlag 30 frammøtte bygdafolk. Ein opplevde det positive problem at lokalet heldt på å bli i minste laget. Men eit skår i gleda over bra frammøte var likevel at ungdomen glimra med sitt fråver. Sjølv om mange er borte på skule, var dette likevel eit tankekors som vart kommentert av føredragshaldaren på møtet, Geirmund Dvergsdal frå fylkesmannen si landbruksavdeling.  Han er prosjektleiar for m.a. Ungt entreprenørskap og Bygdeutviklingsprogrammet. Han orienterte kort om desse prosjekta, og understreka kor viktig det er å mobilisere alle gode krefter og få fram lokalmiljøet sine konkurransefordelar. Det trengs mot for å vere kreativ, og det er fleire grundarar som er redde for å tape ansikt enn for å tape pengar. Entreprenørskap er å ha evne til å sjå ressursar og høve til å utnytte desse, å ha kvalifikasjonar til å bruke ressursane og ha forståing for konsekvensane av dei vala ein gjer.

Han kom og inn på internett og korleis dette kan brukast til bygdeutvikling og marknadsføring, og drog fram Eidaportalen som døme på gode heimesider på nettet. Hyen si heimeside er og bra.


Ole Matias Aa overrekte to leirfigurar laga i Hyen til Geirmund Dvergsdal  .



I kaffipausen gjekk diskusjonane livleg rundt borda. Den nye leiaren, OleArild Aa, lengst til høgre.


Ole Matias Aa, nestleiar i Helse og Omsorgsutvalet i kommunen, orienterte om den nært føreståande utvidinga av "Løkjatunet" med to nye bueiningar. Det kom fram ønskje i møtet om å få bygt garasje eller carport for heimetenesta sin vaktbil i samband med utbygginga, og dette noterte han seg.


Val: Leiaren i valnemnda, Modulv Heimsæter, leia valet. Leiaren i laget i dei fem åra laget har eksistert, Erik Hope, hadde sagt frå seg attval, og i hans stad vart Ole Arild Aa vald. Nytt styremedlem vart Erik Utheim. Det nye styret ser då slik ut:

            Ole Arild Aa leiar
            Sølvi E. Sæter
            Ole Matias Aa
            Margrete M. Tonheim
            Erik Utheim

Vara:    Solfrid U. Rygg
            Rigmor H. Gjengedal

Styret konstituerer seg sjølv.

Avtroppande styreleiar fekk
ros for godt arbeid i mange år.
Han takka for godt samarbeid
og ønskte det nye styret lukke
til med arbeidet vidare.

Årsmelding for Hyen Utviklingslag 2001.

Dette året har vore eit år då vi ikkje har vore direkte forplikta i forhold til B-U programmet, likevel har det vore oppgåver nok. Vi har prøvd å finne ein aktivitet og eit engasjement son er å leve med.

Vi har hatt 8 styremøte og eit bygdemøte i tillegg til årsmøte. Vi har og hatt møte med ordførar og jordbrukssjef. Tre i frå styret var med på møte med andre slike lag i kommunen. Ole-Matias og Erik var med på samling på Kjøllesdalen for utviklingslag i Nordfjord.

Nokre av dei viktige sakene har vore:

Utbygging av breiband til Hyen.

Firdanett på Sandane søkte om midlar til dette, basert på sendar på Lote og mottakar på Hestenesøyra og Hyen. Dette fekk dei avslag på. Skal Firdanett ta ei slik investering åleine, må vi dokumentere eit behov som er akseptabelt. Vi har vore litt avventande. Prisar på utstyr har vel og gått ned. Det kan og dukke opp andre løysingar. I alle fall må vi få meir innspel og engasjement frå aktuelle brukarar før vi gjer meir.

Dekning for GSM mobiltelefon i søre dalen.

Dette fekk si løysing i 2001. Det eksisterande linjenettet blei og rusta opp slik at det har kapasitet nok. Vi har inntrykk av at dette fungerer godt. Det er all grunn til å rose Telenor for det som er gjort.

Sandvollyballbane.

Den stod klar til friluftshelga. Alt arbeidet er gjort på dugnad. Det var kjekt å registrere at ungdomar tok initiativ til ei slik bane, og tok det meste av jobben med å få den til. Vi synest det blei eit fint anlegg. Der er kun betalt for sand og singel, og kostnaden totalt blei ca. 20.000,- kr.

Kommunen, utviklingslaget, ungdomslaget og idrettslaget har betalt 5000.- kr. kvar.

Vi har oppfatta det slik at ungdomslaget er villige å ha tilsyn med bana.

Torleiv har stilt arealet til disposisjon på midlertidig basis vederlagsfritt.

Oppussing og ferdigstilling av bensinstasjonen.

Her blei og ein del dugnad dette året. Det blei køyrd stein frå Osen (som vi fekk med Arne Aa) og jord frå vollyballbana som vart planert og sådd til. Vi er veldig glad for å vere ”i mål” med dette anlegget.

Det fungerer tilsynelatande heilt perfekt.

Markering av Columbus.

Dette følte vi var vanskeleg. Vi fekk tilsagn om 5000.- kr. frå kommunen, og sette ei grense på 20.000,-kr. for kva dette skulle koste. Arbeid med stein og tavle vart gjort på dugnad. Utsmykking av det offentlege rom er ein vanskeleg ”øvelse”. Vi har ikkje fått så mange reaksjonar og tilbakemeldingar. Ingen har vel vore negative. Sjølvsagt skulle vi ønskje meir pengar, og at ”det offentlege” hadde teke ansvar for dette slik som på Sandane.

I parken har vi og laga gjerde langs elva, men der gjenstår ein del muring som skal takast samtidig med nausttomtene. Håpar det skjer snart. Ein får vel og gjere eit framstøyt for å få kommunen til å ta ansvar for plen o.l .

Friluftshelga 2001.

Den var vellukka. Til tross for regn og ikkje heilt topp forhold viste Søre dalen og Dalheim/ Gjengedal sine gode sider. Utviklingslaget er ikkje det laget som tek mest ansvar for sjølve arrangementet, men ei slik helg er positiv og viktig for Hyen, og vi ser det som ei oppgåve å gjere vårt slik at det blir nye friluftshelgar i åra framover.

IKT-senter på skulen.

Dette ser ut til å fungere fult ut etter dei forventningane vi hadde. Det blir brukt i skuletida og der er god kursaktivitet på kveldstid. Ein skal vere klar over at det er Br. Aa som eig ” videokanona”, som er svært viktig til undervisning. Tor Larsen har teke jobbar om kveldane med datakurs. Noko som er avgjerande for at anlegget vert utnytta. Dette må ein berre takke for.

Hyen på nett.

Heimesida om Hyen har etter kvart vorte ganske bra, men det er heile tida ei utfordring å oppdatere og få inn godt stoff frå bygda. Vi burde kanskje marknadsføre ho så ho blei meir kjend.

Magnar Heimset er den som er sikrast å gå til om ein vil ha hjelp til å få inn stoff. For oss som sit i styret er det viktig å ha slike hjelparar, og det takkar vi for.

Båt for funksjonshemma på Nesholmen.

Hyen Utviklingslag står ansvarleg for drift av denne. Tilbodet har vore der, men vi kunne nok ha vore meir aktive med å marknadsføre dette tilbodet.

Rassikring i Hyestranda.

På sist årsmøte vart vi oppfordra til å vere pådrivarar for å få dette på gong. Erik, Ole-Matias og Tor-Øyvind var på møte med ordføraren der dette var tema . Han har følgt opp, og vi har fått med oss at dette er flytta fram på prioriteringslista etter at det vart løyvd ekstra midlar til slikt her i fylket.

Bygdemøte.

Vi vart oppmoda av ordførar og jordbrukssjef til å kome med uttale og innspel frå Hyen om aktuelle saker i samband med at kommunen prøver å få erstatning frå staten for redusert inntektspotensial, etter at Gjengdalsmarka blir landskapsvernområde. Dette brukte vi litt tid på og hadde bygdemøte der dette var tema. Vi har og sendt ein slik uttale.

Desse har vore med i styret siste året:

Leiar: Erik Hope.
N. leiar : Sølvi E. Sæter.
Kasserar: Ole Arild Aa.
Sekretær: Margrete M. Tonheim.
Styremedl. Ole-Matias Aa.
Varamedl.: Solfrid U. Rygg.
Rigmor H. Gjengedal.

Hyen Utviklingslag prøvar å vert ein reiskap for bygda, og arbeide for positiv utvikling og auka trivsel.

Vi håpar på oppslutnad og engasjement frå bygdafolket.

Styret v/Erik Hope