HIL-kalenderen 2008 er klar


Slik ser han ut, den trettande HIL-kalenderen som er laga sidan han kom ut fyrste gong for året 1996.

Judit Aa har også i år gjort ein kjempejobb med å få til denne vakre og eigelege kalenderen med mange flotte, gamle, litt nyare og heilt nye bilete frå bygda. Ho har i mange år samla og kopiert gamle bilete frå dei ulike gardane i Hyen, og har såleis gjort ein stor innsats for å ta vare på og gjere tilgjengeleg denne svært verdfulle skatten for framtida. Sidan salet brukar å gå bra, gjev dugnadsinnsatsen hennar ein pen slump pengar i idrettslagskassen kvart år. No er 2008-utgåva klar for distribusjon. Kalenderen høver særs godt som ei ekstra hyggjeleg julehelsing til utflytte hyarar og elles andre med tilknyting til bygda. Han kan tingast hjå Judit Aa, 6829 Hyen. Tlf. 57 86 98 55. Prisen er kr. 100,- pr. stk. + kr. 23,- i porto om han må sendast i posten. I Hyen brukar Judit å køyre rundt og selje i god tid før jul.