|
HIL-kalenderen 2006 er klar

Dette er den ellevte HIL-kalenderen som er laga sidan han kom ut fyrste gong for
året 1996.
Judit Aa har også i år gjort ein kjempejobb med å få til
denne vakre og eigelege kalenderen med mange flotte, gamle og litt nyare
bilete frå bygda. Ho har i mange år samla og kopiert gamle bilete frå dei
ulike gardane i Hyen, og har såleis gjort ein stor innsats for å ta vare på
og gjere tilgjengeleg denne svært verdfulle skatten for framtida. Sidan salet
brukar å gå bra, gjev dugnadsinnsatsen hennar ein pen slump pengar i
idrettslagskassen kvart år. No er 2006-utgåva klar for distribusjon. Kalenderen
høver sers godt som ei ekstra hyggjeleg julehelsing til utflytte hyarar og
elles andre med tilknyting til bygda. Han kan tingast hjå Judit Aa, 6829
Hyen. Tlf. 57 86 98 55. Prisen er kr. 100,- pr. stk. + kr. 22,- i porto om
han må sendast i posten. I Hyen brukar Judit å køyre rundt og selje i god tid før
jul.

|